Sparkejobb i Paris, eller jobb i Åsvegen?
Gjer som Iselin!
Vil du vera med å gjera ein forskjell for nokon?
Åsvegen bueining er eit butiltak for vaksne med varierande grad av utviklingshemming. Det bur 4 tenestemottakarar her og for tida er me 35 ansatte. Me har mange av spanande og utfordrande oppgåver i jobben vår.
No treng me fleire personar som kan ta på seg vakter ved sjukefråvær, permisjonar, feriar osv.
Kan du tenka deg å arbeida her på dag, kveld og/eller ei til to helger i månaden?
Har du interesse for og ønskje om å arbeida med menneske?
Då er DU rett person!
Me kan tilby:
Kvalifiserte og engasjerte kollegar
Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med mykje humor
Gode rutinar for opplæring
Løn etter gjeldande tariff
Kvalifikasjonskrav:
Studentar, heimeverande, unge, vaksne, menn, kvinner
- alle kan søkja men du må ha fylt 18 år
Nysgjerrig?
- Ring avdelingsleiar Inger-Synnøve Reiersen, tlf: 53 748294 eller einingsleiar: Reinert Enerstvedt, tlf 920 23 253
Søknadsfrist: Kontinuerlig