spacerMeny spacer
spacer
Velkommen til kyrkja i Sveio

Kyrkja i Sveio ynskjer å vera ei inkluderande, vedkjennande og misjonerande folkekyrkje i Sveio sitt lokalsamfunn.

Me vil vera ei folkekyrkje der størstedelen av folket er medlemmer i kyrkja og me møter dei i livet sine merkesteinar.
Me vil vera inkluderande ved at me møter folket der dei er, med deira tru og deira tvil.
Me vil vera vedkjennande og misjonerande ved at me med frimod vedkjenner oss til og forkynner trua på Jesus Kristus som frelsar og Herre.

Vårt mål for alle menneske er tru og etterfylging. 

 

 

SVEIO KYRKJELEGE FELLESRÅD

 I Sveio fellesråd har me 2 sokneråd, 3 kyrkjer, 2 kapell og 12 kyrkjegardar.
Fellesrådet har som mål å  leggje til rette for eit aktivt engasjement og ei stadig fornying i kyrkja.

I staben har vi no to prestar, kantor, kyrkjelydspedagog,arbeidsleiar,kyrkjetenar kyrkjegardsassistent, sekretær og kyrkjeverje.

Me søkjer no i tillegg etter                                                Kyrkjemusikar                                                                                                   45 % fast stilling  og 5% prosjektstilling i to år,
frå og med 16. august d.å

Kyrkjemusikaren skal forvalta og gjera levande tradisjonelle og nye kyrkjemusikalske verdiar og syta  for breidde og kvalitet i det kyrkjemusikalske arbeidet i kyrkjelyden.

Hovudoppgåver vert gudstenester, kyrkjelege handlingar, Valestrand kulturkyrkje og andre  arrangement. Stillingsstorleik vert i denne omgang 45 %. Det er mogeleg at denne kan verta utvida ved seinare høve.

5% prosjektstilling som kyrkjemusikar i to år knytt opp til kyrkjemusikalskverksemd innan kyrkjelyden sitt diakoniarbeid på eldreinstitusjonane.

Ved tilsetjing vil me leggja vekt på: relevant praksis,  evne til tilpassing og samarbeid, og evne til å arbeide sjølvstendig.

Søkjarar må vere medlem av Den norske kyrkja.Opplysningar om samlivsform kan bli innhenta og vektlagt ved tilsetjing.Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.Pensjonsordning i KLP.

 Søknadsfrist: 30.juli 2010

Søknad med CV, referansar, attestar og kopi av vitnemål vert å senda til: 
Sveio kyrkjelege fellesråd, Boks 65, 5559 SVEIO

Nærare opplysningar får du ved å kontakta kyrkjeverje Eva Birkeland, etter 27.juli påtlf: 53 74 84 20

 

 

Kontaktinformasjon
_
_
Eva Birkeland
Kommunehuset
Postboks 65
5559  Sveio
 
E-post : eva.birkeland@sveio.kommune.no
 
 
Telefon : 53 74 84 20
Mobil : 950 51 038
Kontonr. : 3506.07.15201
Levert av ACOS AS