Norsk tysk engelsk NorskTourist information in English
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Formannskapet
Formannskapet skal ha 7 medlemmer, alle valgt blant kommunestyret sine medlemmer for 4 år, jf. kommunelova sin § 8.

Formannskapet 2007-2011

GENERELL DELEGERING TIL FORMANNSKAPET
Formannskapet sine funksjonar etter delegert mynde frå kommunestyret:

a) ”særskild klagenemnd” etter forvaltingslova § 28, andre ledd
b) avgjerdsrett i hastesaker etter kommunelova § 13
c) skatteutval
d) partssamansett utval (7 formannskapsmedlemmer + 3 representantar frå dei tilsette)
partsamansett utval er også likestillingsutval
e) godkjenning/forkasting av framlegg til sentrale tariffavtalar og hovudavtale
f) andre saker som vert lagt fram til formannskapet til avgjer av overordna politisk organ eller av rådmannen
g) økonomiutval

Formannskapet skal ha det overordna ansvaret for planlegging, miljøvern, samordning.

Saksområde som formannskapet skal avgjera eller koma med innstilling til kommunestyret:

a) heilskapsplanlegging, kommuneplan og økonomiplan, kommunelova § 44
b) årsbudsjett, kommunelova §§ 45 og 46
c) leiar- og samordningsoppgåver
d) overordna miljøvernarbeid
e) sysselsetting
f) interkommunalt samarbeid
g) samferdsel/kommunikasjon
h) kommunedelplanar og reguleringsplanar
i) beredskap/forsyning/energispørsmål
j) val vedkomande kommunal representasjon der retten i lov, forskrift eller reglement er lagt til formannskapet
k) andre saker som kommunestyret delegerer, eller som ordføraren legg fram for formannskapet

Formannskapet får mynde til å oppretta ad hoc utval/styringsgrupper.

Formannskapet kan innanfor sitt arbeids- og ansvarsområde delegera avgjerdsrett til rådmannen så sant ikkje lover og forskrifter er til hinder for dette.

Teksten er henta frå Delegeringsreglement for Sveio kommune, vedteke i kommunestyret 31.mars 2008.
Publisert av Vibeke Haugland. Sist endra 25.09.2008
Levert av ACOS AS
Sveio kommune postboks 40 5559 Sveio tlf.53 74 80 00 postmottak@sveio.kommune.no