Norsk tysk engelsk NorskTourist information in English
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Ein god kommune å bu i

Kommunestyret i Sveio har i kommuneplanen vedteke at hovudmålet for kommunen skal vere at "Sveio skal vere ein god kommune å bu i". Delmål er at kommunen skal arbeide for å:

* skape eit differensiert omsorgstilbod
* styrkje oppvekstvilkår for barn og unge
* etablere ein aktiv miljø- og næringspolitikk.
* utvikle det interne samarbeidet i Sunnhordland og Nord-
Rogaland
* leggje til rette for utvikling av lokalsamfunna
* utvikle eit variert og rikt kulturliv

Vi meiner vi har kome langt i arbeidet med å nå hovudmålet og delmåla. På Sveio omsorgssenter har det vore stor utbygging og vi har fått eit omfattande og godt tilbod til eldre og sjuke.

Innan skule er det laga skulebruksplan. Den er eit godt utgangspunkt for vidare drøfting om og planlegging av korleis framtidsskulen i Sveio skal vera.
Vi vil òg peika på det rike lagslivet vi har i kommunen. Det frivillige arbeidet i lag og organisasjonar er heilt avgjerande for å gjera Sveio til ein god kommunen å bu i for barn, unge og vaksne.

I Sveio er det mykje urørt natur som er til glede og nytte for innbyggjarane og tilreisande. Det er rikt fiske i sjø og på land, og vi har mange fine merka og umerka turstiar. Ryvarden er den mest populære utfartsstaden. Dei som tar turen ut dit får ein fin tur i karakteristisk kystlandskap og kan oppleve og kjøpe kunst i Ryvarden kulturfyr.

Sveio ligg midt i ein stor region som er samansett av Sunnhordland og Haugalandet, og midt mellom byane Bergen og Stavanger. Hovudferdselsårene på sjø og på land langs kysten går gjennom kommunen vår. Den sentrale plasseringa gjer at det ligg særs godt til rette for utvikling av næringslivet kommunen.

Vi trur dei fleste innbyggjarane vil vera samde i at Sveio er ein god kommune å bu i. Kommunen har likevel mange utfordringar for å gjera Sveio til ein enno betre stad å bu. Vi har tru på at innbyggjarane og kommunen i samarbeid kan utvikla kommunen i rett lei slik at den vert ein god kommune å bu i for stadig fleire.

Publisert av Pål Jøsok. Sist endra 23.04.2010
Levert av ACOS AS
Sveio kommune postboks 40 5559 Sveio tlf.53 74 80 00 postmottak@sveio.kommune.no