Norsk tysk engelsk NorskTourist information in English
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Kontrollutvalet

Kontrollutvalet er eit obligatorisk politisk vald organ med oppgåver knytte til tilsyn og kontroll.
Det er kommunestyret sjølv som vel medlemma til kontrollutvalet

Kontrollutvalet skal ha minst tre medlem og etter § 77 nr.1 i kommunelova skal minst eit av utvalet sine medlemmer veljast mellom representantane i kommunestyret. Dette kravet fekk verknad frå noverande valperiode.

For perioden 2007-2011 har Sveio kommunestyre vald følgjande personar til kontrollutvalet:

Leiar: Andreas Bårtvedt (H) (K.styre). Pers.varam.: Arild Hovda (H)
Nestleiar: Martha Halleraker (FRP). Pers.varam.: Turid Brandvik (FRP)
Medlem: Kjell Harkestad (KP). Pers.varam.: Knut-Ove Tvedt (KP)
Medlem: Lars Vierdal (SP). Pers.varam.: Jon Blytt (SP)
Medlem: Gunn Hemmigsen (AP). Pers.varam.:Randi Skimmeland(AP)

Klikk på linkane for å sjå protokollar frå kontrollutvalet.

TIPS 

Har du ein sak du meiner kontrollutvalet bør sjå nærare på, kan du kontakte leiar av utvalet Andreas Bårtvedt (47 23 55 97) eller sekretariatet (95 98 69 79 / 77).

Kontrollutvalet er ikkje eit klageorgan, og har difor ikkje høve til å handsame klager på enkeltsaker. Kontrollutvalet kan likevel på eige initiativ eller på bakgrunn av konkrete saker vurdere om kommunen sine eigne retningsliner eller sentrale lover/føresegner vert følgd av forvaltninga.

Utvalet har valt å holde møta for lukka dører, men møtebøkene er offentlege, med mindre det er opplysningar som er underlagt lovbestemt teieplikt.

Sekretariatet

Kontrollutvalet har eit uavhengig sekretariat som ikkje er knytte til kommunen eller til revisjonen. Sistnemnde er dei som utfører revisjon/kontroll etter bestilling frå utvalet.

Haugaland kontrollutvalgssekretariat IKS er sekretariat for 10 kommunar på Haugalandet (Etne, Bokn, Haugesund, Karmøy, Sauda, Sveio, Suldal, Tysvær, Vindafjord og Utsira) Sekretariatet har to tilsette og har kontorlokala sine i Aksdal (Tysvær rådhus).

Sekretær for Sveio kontrollutval er kontrollutvalsrådgjevar Toril Hallsjø (tha@kontrollutvalgene.no).

 E-postadressa til utvalsleiar er: andreas.baartvedt@hotmail.com

 Nærare info sjå også www.kontrollutvalgene.no

Publisert av Vibeke Haugland. Sist endra 14.08.2009
Levert av ACOS AS
Sveio kommune postboks 40 5559 Sveio tlf.53 74 80 00 postmottak@sveio.kommune.no