Sveio kommune sine elektroniske tenester er utvikla for å gi innbyggjarane auka grad av sjølvbetening og innsyn i kommunal forvaltning.
Informasjon om elektroniske skjema
Elektroniske skjema kan du fylle ut på internett og sende inn til kommunen elektronisk. Ved å logge deg inn, kan du opprette din eigen brukarprofil i portalen. Dette gjev deg mellom anna tilgang til å mellomlagre skjema før du sender dei inn til oss. I tillegg får du ei oversikt over dei skjema du har sendt inn, med referansenummer som du kan oppgje i kontakt med kommunen.
For skjemaet "Barnehagesøknad", vil du få brukarnamn og passord tilsendt etter at søknaden registrert, dersom du ikkje er registrert tidlegare.
I personvernerklæringa finn du informasjon om korleis me handterer innsendte skjema og anna informasjon me registrerer om deg.
Innsyn
Du har som innbyggjar innsyn i postlister og politiske dokument. Tenesten finn du under menypunktet "Postliste" på framsida.
Hjelp og støtte
Servicekontoret i Sveio kommune kan hjelpe deg med utfylling av elektroniske skjema. Servicekontoret har ein eigen publikum-pc ein kan nytte til dette.