Norsk tysk engelsk NorskDeutchTourist information in English

Endring av reguleringsplan for Øvre Sletto, GNR. 56 BNR. 17

Hovudutval Teknisk/Næring, som planutval, vedtok i møte 23.01.2012, sak 005/12, i medhald av plan- og bygningslova § 12-10, å leggja framlegg til privat detaljregulering for del av gnr. 56 bnr. 17, Sletto, ut til offentleg ettersyn. Planforslaget medfører endring av mindre del av eksisterande reguleringsplan for Øvre Sletto. Planområdet omfattar tidlegare regulert friluftsområde og planane er å leggja til rette for seks nye tomter for fritidsbustader som utviding av eksisterande utbyggingsområde for heilårs- og fritidsbustader. Planområdet ligg langs med Fv 541 mot Bømlafjorden, mellom Eltravåg og Hovda. Området er på ca. 14 daa og viser føremål for fritidsbustader, vegareal, friluftsområde og ferdsle i sjø.

Planframlegget ligg til offentleg ettersyn i Offentleg Servicekontor på kommunehuset i Sveio i tida 02.02.2012-15.03.2012. Planen er og utlagt på kommunen si nettside www.sveio.kommune.no under Aktuelt og Høyringar.

Eventuelle merknader vert å senda Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio, innan 15.03.2012

Med helsing

Åse Aleheim
rådgjevar

Publisert av Vibeke Haugland. Sist endra 25.01.2012
Levert av ACOS AS
Sveio kommune postboks 40 5559 Sveio tlf.53 74 80 00 postmottak@sveio.kommune.no