Biblioteket har eigen lesesal/møterom med ei samling lokallitteratur frå Sveio og omegn.
Opningstider:
Mandag og torsdag: 13.00 - 18.00
Tysdag og fredag: 10.00 - 15.00
Valestrand filial
Onsdag 13.00 - 18.00
Biblioteket har ein filial i Valestrand, denne ligg i Ørevik grendahus. Filialen har utlån av bøker, lydbøker og tidsskrift.
Dei bøkene/lydbøkene du ikkje finn i biblioteka, blir lånte inn frå andre bibliotek. Transportsamarbeidet mellom biblioteka på Haugalandet gjer at du kan levera inn lånt materiale også ved dei andre biblioteka. Alle boklån kan fornyast dersom det ikkje er ventelister på boka. Dette kan gjerast over telefon eller via nettsidene til biblioteket på adr.: www.sveio.folkebibl.no
Du er alltid velkommen til å ta kontakt med biblioteket dersom det er noko du lurer på. Alle tenestene på biblioteket er gratis.