Rådmann: Mikal Møller Hovda
Økonomisjef: Heidi Sunde Lyngholm
Kommunalsjef: Bjørn Gilje
Kommunalsjef: Anders Lothe
Kommunalsjef: Solfrid Lier Habbestad
Hovudmålet er ei effektiv, fleksibel og serviceprega verksemd som er retta mot raske endringar i rammevilkår og nye utfordringar i lokalsamfunnet.
Organiseringa er bygd opp etter grunnprinsippet om brukaren i sentrum. Gjennomgåande tenking er:
- fokus på tenesteyting og ikkje på det "indre liv" i organisasjonen
- god økonomi
- god service
- kort tenesteveg/avstand
- god fleksibilitet
- god samhandling
Rådmannen har eit overordna administrativt leiaransvar for den kommunale verksemda. Sentrale oppgåver er :
- syte for nødvendig planlegging, samordning og effektivisering av den adm. verksemda
- medverke til å styrke samarbeidet mellom administrasjonen og dei folkevalde
- legge til rette for god service og informasjon
- dagleg tilsyn med kommunens forvaltning og økonomi og
- ansvarleg saksførebuing og iverksetting av vedtak.
Kommunestyret har det øvste tilsynet med at rådmannen utfører dei oppgåver som er pålagt. Kontrollutvalet har det løpande tilsynet.