Norsk tysk engelsk NorskTourist information in English
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Ordførar Jorunn Skåden

Ordføraren i Sveio kommune heiter Jorunn Skåden.

Ho representerer Arbeidarpartiet og er inne i sin andre periode som ordførar.

Om å kontakte ordføraren
Ta gjerne kontakt med ordførar Jorunn Skåden. Ha på minnet at både e-postsendingar og annan post vil bli handsama i samsvar med "Lov om offentlighet i forvaltningen". Dermed må du rekne med at innhaldet i meldinga di kan bli offentleg tilgjengeleg.

Ta kontakt på telefon om du har meldingar med innhald som du ikkje ønskjer skal bli offentleg kjent.  Kontaktinformasjon finn du nederst på sida.

Ordføraren om Sveio:

Velkommen til Sveio kommune - rik på kultur og naturopplevingar
Sveio kommune er ein kommune i rivande utvikling midt i ein ressurssterk region. Her kan du oppleve det meste, bu i variert og vakker natur med gode tenester og rike fritidsaktiviteter. Bu i vakre bygdemiljø - på landet - nær byen!

Gjennom Trekantsambandet kan du nå Stord på kort tid, i sør er Haugesund næraste by. Frå Sveio har me kort veg til Haugesund lufthavn,  Karmøy og Stord lufthavn, Stord.

Viktige møteplassar

Ryvarden kulturfyr: Meir enn 35000 besøkjande kvart år. Galleri Ryvarden har ny kunstutstilling kvar månad.

Sveio Golfpark: 18-hols golfbane, turstiar, treningsområde, møteplass for næriingslivet i regionen.

Komponistheimen i Valevåg: Komponist Fartein Valen sin heim er verdt eit besøk.

Sveio sentrum: Kommune- og handelssenter

Førde sentrum: Bygdesenter med rike turområde, trening- og handelssenter.

Ta gjerne ein opplevingstur i kommunen vår!'

Jorunn Skåden
Ordførar

Ordførar
NamnTittelTelefonMobile-post
Jorunn SkådenOrdførar53 74 81 0099099595 e-post
Levert av ACOS AS
Sveio kommune postboks 40 5559 Sveio tlf.53 74 80 00 postmottak@sveio.kommune.no