Sveio kommune vedtok i 1998 å starta eit langsiktig arbeid for å auka engasjementet for demokrati mellom barn og unge i Sveio. Dette skulle ein gjera ved å etablera eit ungdomsråd med fast representasjon i kommunestyre, formannskap og komitéar.
Våren 1999 besøkte ordførar og kultursekretær alle klassane på ungdomstrinnet på Førde og Sveio skule for å invitera til arbeidsmøte der ein skulle utforma Ungdomsrådet. Omlag 60 ungdommar kom på møtet og var med på å danna grunnlag for det vidare arbeidet. Dei tok føre seg og kom med uttale om:
-kva oppgåver ungdomsrådet skulle ha
-funksjonstid
-samansetning
Vedtektene vart framlagt til orientering for politikarane i kommunestyremøte.
Val av representantar
Representantane til URS skal veljast frå aldersgruppa 13 - 19 år med følgjande fordeling:
5 representantar frå Førde skule
5 representantar frå Sveio skule
7 representantar i aldersgruppa 16 - 19 år.
Rekruttéring av kandidatar skjer gjennom skulane og lag/organisasjonar. På bakgrunn av desse namnelistene, blir det utarbeida stemmesetlar. Alle elevane i ungdomsskulen får ein stemmesetel kvar, der dei kryssar av sine kandidatar.
Kva gjer Ungdomsrådet?
Intensjonen bak Ungdomsrådet er at dette først og fremst skal vera ungdommane sitt eige organ. Det er dei sjølve som skal arbeide fram eigne saker og ta initiativ til å komme med uttale/forslag til saker som er oppe til politisk handsaming. Rådet kan og vera eit høyringsorgan for politikarane.
På sakslista har det m.a. stått konstituering av URS; val av leiar, nestleiar, representantar til formannskap, kommunestyre og komiteane, skulestrukturen i Sveio – uttale, reguleringsplan Førde og Sveio – uttale, utbyggingsplan Pederstunet – uttale, budsjett 2000, økonomiplan 2000- 2001,midlar avsett til ungdomsrådet i 1999 - forslag til bruk av pengane, sak om skuleturar/utanlandsturar – uttale m.m.
Økonomi
Ungdomsrådet sette av ein sum som lag/organisasjonar og andre som hadde ønskje om å etablera aktivitet for ungdom kunne søkja om midlar til.
Kontaktperson
Det er tilsett ein kontaktperson for ungdomsrådet i kulturavdelinga. Denne har i oppgåve å sende ut innkalling m/saksliste til alle møte (etter avtale med leiar i URS), i tillegg til å skrive referat. Kontaktpersonen skal óg vere tilgjengeleg under møter i komitéar, kommunestyre og formannskap for representantane frå URS.