Kystlandskapsdagen - tur til Krokane

søndag 19. august 2018, 12:00 - 15:00

Informasjon

Tur til Krokane ved Viksefjorden, med Svein Magne Vikse som kjentmann.

Velkomen til aktivitetsdag i Kystlandskapsparken.

Det blir fottur på den nye, fine turstien som er tilrettelagt i området av Svein Magne Vikse, med litt støtte frå Kystlandskapsparken. Turen er lite krevande og tar omlag ein time kvar veg i delvis beitelandskap og naturlandskap ytterst på kysten i Sveio. Stien går forbi rester av ei mølle og ein stem som vart nytta til oppdemming av vatn for uttak av is til det rike sildefisket i si tid. Turen endar opp på Krokane som er eit populært område for båtfolket, men kanskje mest kjent for Smørsundkjerringa som budde her. Ho er kjent for trollkunster og overnaturlege evner. I si tid mykje nytta til å finna bortkomen buskap o.a. Her vil det bli servert litt kaffi og forrfriskingar og kanskje gropsteikt lammelår, dersom vi får det til. Det går sjølvsagt også an å koma sjøvegen for dei som måtte foretrekke det.

Oppmøte 1200 for dei som vil gå med kjentmann, eller rundt klokka 1300 i Krokane.

Kystlandsparken er ein av 9 landskapsparkar i Hordaland. Landskapsparkane er etablerte i område der landskapet har spesielle kvalitetar. Bygdene i områda står saman om å utvikla gode tilbod til både gjester og fastbuande, med utgangspunkt i lokal historie og tradisjonar.

Url

Stad

Krokane
Vikse,    

Kontakt

Kystlandskapsparken i Sveio
 

Jostein Førland
Legg til hendinga i din kalender

Søkefilter

Filter

Søk