Rundtur i utmarka Straumen – Smørsund – Strømsvoll.

tysdag 10. april 2018, 18:00 - 20:00

Informasjon

Tirsdag 10.4.18: Rundtur i utmarka Straumen – Smørsund – Strømsvoll. Parkering og turstart kl.18.00 frå tunet hjå Harald Straume, Straumavegen 238. Kjentmann Svein Magne Vikse tek oss med på ei om lag 2 timars vandring i lett kupert terreng forbi gamle hustufter, og til «Stranda» der det for om lag 100 år si var noko verksemnd med m.a. filial av butikken i Vågedalen, samt sildesalteri. Dersom tid går vi nedom Stemmen ved utløpet av Mørkavatnet der det blei teke ut is om vinteren til ising av fersk sild. Turleiarar: Torhild Matre og Hans Enerstvedt.

Stad

Vikse / Straumen i Sveio kommune
 

Kontakt

Sveio turlag
 

Tlf.: 91699437

(E-post): bakkakona@gmail.com

Hans Enerstvedt .
Legg til hendinga i din kalender

Søkefilter

Filter

Søk