Bedehuskulturen i Sunnhordland

søndag 2. september 2018, 10:30 - 15:30

Informasjon

Under Kystsogevekene blir det temadag om bedehuskulturen i Sunnhordland på Sjøhuset i Buavåg

Kl.10.30 – 11.00 startar ei bilrebusløype frå bedehus til bedehus, i alt 9 stk. Nokre av desse er ikkje lenger i bruk, eller blir brukte til andre føremål enn opprinneleg tenkt. I kvart bedehus får trafikantane eit spørsmål som dei skal svara på. Dei får utdelt eit «søndagsskulekort» i starten, og i tillegg til å skriva svara inn, får dei ein gullfisk/gullstjerne i kortet. Startkontingent: 50 kr pr. bil.

Frå kl.12.00 og utover blir det selt lapskaus, kaffi og heimebakst i Sjøhuset i Buavåg. Her skal også søndagsskulekorta leverast inn og rettast. Ein av deltakarane får ein fin premie!

Ca. kl. 14.30 vil redaktør og forfattar av boka «Søte, salige Sunnhordland» halda foredrag om bedehuskulturen i Sunnhordland.  Redaktør er Otto Ersland og forfattar Jane Junger. I tillegg til dei vil Håkon Tolås spela bedehussongar.

Stad

Buavåg
 

Kontakt

Sveio gullforening
 

Astrid Hovda
Legg til hendinga i din kalender

Søkefilter

Filter

Søk