Forskottskatt privat

Gjeld for enkeltpersonføretak og ansvarleg selskap.

Dersom du driv sjølvstendig næringsverksemd (enkeltpersonføretak) eller driv i ansvarleg selskap (ANS/DA), er du personleg skatteytar og skal betale forskottsskatt. 

Forskottsskatten blir skrive ut av skattekontoret på grunnlag av likningsopplysningar frå føregåande år. Nye enkeltpersonføretak og ansvarlege selskap må derfor melde frå til skattekontoret om verksemda, og fortelje kor stort overskot (eller underskot) dei ventar det første året.

Forskottsskatten forfell til betaling i 4 like store terminar 15. mars, 15. mai, 15. september og 15. november.

Tilleggsforskott:
Dersom den førebels skatteberekninga viser at den utrekna skatten blir større enn innbetalt forskottsskatt, kan du betale tilleggsforskott for å unngå rentetillegg på restskatten. Fristen for å betale tilleggsforskott er 31. mai.

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 14.10.2016

Kontaktinfo

Skatteoppkrevjar:
Silvia Økland
Telefon: 53 74 80 34
E-post: silvia.okland@sveio.kommune.no
 

Kart