Forskottsskatt næring

Upersonlege skatteytarar som aksjeselskap, NUF, verdipapirfond og bankar skal betale forskottsskatt. Forskottsskatt er den delen av skatten som selskapet skal betale før utrekning av likninga er føreteke. Forskottskatt blir skrive ut av skattekontoret på grunnlag av likningsopplysningar frå føregåande år. Forskottsskattesetel, kor det står kor mykje som skal betalast i forskottsskatt, blir sendt ut frå skattekontoret i januar, året etter inntektsåret.

Tilleggsforskott:
Dersom foreløpige skatteberekningar viser at den utrekna skatten blir større enn innbetalt forskottsskatt, kan du betale tilleggsforskott for å unngå rentetillegg på restskatten. Fristen for å betale tilleggsforskott er 31. mai.

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 14.10.2016

Kontaktinfo

Skatteoppkrevjar:
Silvia Økland
Telefon: 53 74 80 34
E-post: silvia.okland@sveio.kommune.no
 

Kart