Publisert 21.03.2019
kaniner.jpg

Telefonnummeret til Smådyrvakta på Haugalandet er 820 90 020

 

Vakta er mykje brukt og det er viktig at telefonar til vakta går direkte til smådyrvakta og ikkje til stordyrvakta.

 

Publisert 19.03.2019
Kommunehus

Eigedomsskatt og alle årlege kommunale eigedomsgebyr (inkl hytterenovasjon) vert fordelt på 2 terminar. Det er nå mogeleg å få månadlege fakturaer på eigedomsskatt og kommunale gebyr. Informasjon om dette finn du på Sveio kommune si heimeside www.sveio.kommune.no under: Politikk, administrasjon og innsyn/Økonomi og skatt/kommunale eigedomsgebyr.

Publisert 12.03.2019
Ryvarden

 

Ta turen innom kommunehuset og hent skattekiste :-)

Publisert 07.03.2019
Montasje frivillige

Hovudutval oppvekst/kultur vedtok i april 2018 (sak 020/18) at Sveio kommune skal utarbeida ein frivilligplan, og at planen skal leggjast ut til offentleg ettersyn våren 2019. Nå ligg planforslaget til «Frivilligplan for Sveio 2019 – 2022» føre. Det overordna målet med planarbeidet er å ta vare på og utvikla frivillig engasjement som ein viktig ressurs i Sveio.  

Publisert 06.03.2019
Slamtømming 2019

I vekene 3-24 i 2019 vil det bli tømt septiktankar i Sveio kommune, meir informasjon her (PDF, 154 kB). 

Publisert 23.01.2019
Automatisk betaling av rekningar

Avtalegiro er tilpassa dei betalerne som ynskjer automatisk betaling av rekningane sine, og det er ein av dei enklaste betalingsløysingane som finst.

 

Publisert 15.01.2019
Kommunehus

Arsbudsjett for 2019 er vedteke.

 

Publisert 09.01.2019
Språk-, lese- og skriveplan for Sveio

Sveio kommunestyre vedtok 1. oktober 2018 ein ny språk-, lese- og skriveplan for barnehage og skule i Sveio. 

Publisert 10.12.2018
Førde legekontor

01.01.19 slutta Astrid S. Aksdal som fastlege ved Førde legekontor. For å sikra vidare drift og kontinuitet ved Førde legekontor, har Sveio kommune inngått avtale om å overta drifta av Førde legekontor. Dette inneber at alle tilsette ved legekontoret fortset i stillingane sine som kommunalt tilsette, og at Jens Aksdal fortset som privatpraktiserande fastlege ved Førde legekontor.

Publisert 10.12.2018
Telltur vinnarar 2018

TellTur-sesongen 2018 er over, og resultata for heile regionen har vore klare ei stund. Dei finn du på https://www.telltur.no/resultater. Friluftsrådet Vest har premiert vinnarane i heile regionen tidlegare. Sidan registreringssystemet blei lagt om midt i sesongen er det registrert færre deltakarar i år enn tidlegare, men 1650 brukarar var med heilt til sesongen blei avslutta 1. november.