Publisert 01.07.2019
Sveio kulturskule logo

Kulturskulen har ledige plasser frå hausten. Aktuelle fag: gitar, piano, band, musikkproduksjon, messinginstrument(aspirant til korps), visuell kunst, teater. For meir informasjon les her (JPG, 94 kB) eller sjå nettsida www.sveiokulturskule.no.

Du kan og kontakte rektor i kulturskulen Pål W. Jøsok, 90116525.

Søknader behandlast fortløpande.

Publisert 07.06.2019
Fargestripe med lilje, lilla

No kan ein søka om midlar frå Direktør S. Simonsen og hustrus legat og Torger Torgersens legat. 

Publisert 04.06.2019
Vallogo

 

Sveio valstyre har godkjent vallistene for kommunestyrevalet 2019. 

Publisert 29.05.2019
Jodtabletter

 

Helsedirektoratet, Statens legemiddelverk og Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) har no kome med oppdatert informasjon om bruk av jodtablettar ved atomulukker.

 

Publisert 26.04.2019
Illbilde

Vi vil minna om beskjæring av buskar, hekkar og tre som:

  • Veks ut i vegen
  • Hindrar tilfredsstillande sikt i utkøyrsler
  • Hindrar tilfredsstillande sikt i offentlege vegkryss

Punkta nemnt over vert omfatta av veglova.

Det er grunneigar sitt ansvar å halda hekk, busker og tre innafor eigne grenser. Sveio kommune kan, med heimel i veglova, beskjera buskar og tre på eigar si rekning.

Tenk òg på naboen dersom du har høge buskar og/eller tre.

Dersom noko er uklart i forhold til reglar, ta kontakt med Sveio offentleg servicekontor - telefon 53748000.

Sveio kommune, drift- og anleggsavdelinga.

Publisert 28.03.2019
Sveio kommunehus

Eigedomsskatt og alle årlege kommunale eigedomsgebyr (inkl. hytterenovasjon) vert fordelt på 2 terminar. Det er mogeleg å få månadlege fakturaer på eigedomsskatt og kommunale gebyr om ein heller ønskjer det. Informasjon om dette finn du på Sveio kommune si heimeside. https://www.sveio.kommune.no/politikk-administrasjon-og-innsyn/okonomi-og-skatt/kommunale-eigedomsgebyr/

 

 

Publisert 21.03.2019
kaniner.jpg

Telefonnummeret til Smådyrvakta på Haugalandet er 820 90 020

 

Vakta er mykje brukt og det er viktig at telefonar til vakta går direkte til smådyrvakta og ikkje til stordyrvakta.

 

Publisert 19.03.2019
Kommunehus

Eigedomsskatt og alle årlege kommunale eigedomsgebyr (inkl hytterenovasjon) vert fordelt på 2 terminar. Det er nå mogeleg å få månadlege fakturaer på eigedomsskatt og kommunale gebyr. Informasjon om dette finn du på Sveio kommune si heimeside www.sveio.kommune.no under: Politikk, administrasjon og innsyn/Økonomi og skatt/kommunale eigedomsgebyr.

Publisert 12.03.2019
Ryvarden

 

Ta turen innom kommunehuset og hent skattekiste :-)

Publisert 07.03.2019
Montasje frivillige

Hovudutval oppvekst/kultur vedtok i april 2018 (sak 020/18) at Sveio kommune skal utarbeida ein frivilligplan, og at planen skal leggjast ut til offentleg ettersyn våren 2019. Nå ligg planforslaget til «Frivilligplan for Sveio 2019 – 2022» føre. Det overordna målet med planarbeidet er å ta vare på og utvikla frivillig engasjement som ein viktig ressurs i Sveio.