Barnehagane i Sveio

I Sveio er det 8 barnehagar, av desse er 3 kommunale og 5 private.
Kommunale barnehagar: Sveio barnehage, Førde barnehage, Valestrand oppvekstsenter

Private barnehagar: Ekrene natur- og gårdsbarnehage, Gjermundshaugen FUS barnehage, Bråtveit natur- og kulturbarnehage, Bua barnehage og SFO, Espira Solkroken barnehage
 

Sveio kommune har samordna opptak for alle barnehagane i kommunen. Det skal søkjast elektronisk, sjå www.sveio.kommune.no. Det er og høve til å ta kontakt med offentleg servicekontor eller barnehagane som kan hjelpa til med søknadsprosessen.
Opptaket gjeld nye søkjarar, men også for endring av opphaldstid og byte av barnehage. I tilfeller der barn har rett til prioritet etter § 13 i barnehagelova, må sakkunnig vurdering sendast til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio.

Publisert av Solveig Merete Larsen Skree. Sist endra 05.01.2017

Kontakt

Gunnhild Staupe
Gunnhild Staupe
Rådgjevar