Om nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetaling
Det er to moderasjonsordningar for familiar eller hushald med låg inntekt. Ordningane er regulert i forskrift om foreldrebetaling i barnehagar.
1. Viss maksprisen er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til eit hushald, så har ein rett på reduksjon i foreldrebetalinga. For barnehageåret 2020/2021 gjeld det for hushald med ei samla inntekt som er lågare enn kr. 574 750 per år. Dette gjeld både for kommunale og private barnehagar. Matpengar kjem i tillegg til maksprisen.
2. Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar (og barn med utsett skulestart) som bur i hushald med låg inntekt har rett på 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. I frå august 2020 gjeld gratis kjernetid for hushald som har ei samla inntekt som er lågare enn 566 100 per år.
Frist for å søka om redusert betaling i barnehage og gratis kjernetid for barnehageåret 2020/2021 er 1.august 2020. Etter denne dato er det løpande behandling av søknadar, men det er ikkje tilbakevirkande kraft på vedtaka.