Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

Generell informasjon :

Alle kommunar skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Sveio har ikkje eige PPT kontor, men samarbeider med Haugesund og Utsira.
Tenesta er den sentrale hjelpeinstansen for barnehagar, skular og føresette.
PP-tjenesta har sammensette oppgåver knytt til det enkelte barn/elev, til gruppe/klasse og barnehage/skule som system, og som sentral aktør i forhold til andre instansar og etatar.

Kven tar kontakt med PPT?

 

PPT får dei fleste henvendelser frå føresette, helsestasjonar, barnehagar og skular.
PP-tenesta sine sentrale arbeidsmåtar er hjelp til det enkelte barn/elev, konsultasjon, utgreiing og kompetanseutvikling. Dette omfattar:
- Kartleggjing av det enkelte barn/elev sine vanskar og muligheter.
- Konsultasjon i forhold til barnehagen/skulen, veiledning til
føresette.
- Sakkunnig utgreing /tilråding i forhold til spesialpedagogisk hjelp/undervisning.
- Behandling og viderehenvisning, samarbeid med andre.
Kompetanse og organisasjonsutvikling

Målgruppe:PPT skal hjelpe born, ungdom i alderen 0 - 16 år og vaksne som har særlige opplæringsbehov. Det blir lagt særlig vekt på å forebyggja at vanskar utviklar seg, m.a ved å prioritera førskoleborn.

Foreldre- og eller elevar sjølv kan og ta kontakt med PPT utan anbefaling fra lege, skule eller barnehage. Dette kan skje ved direkte henvendelse personleg eller ved telefon.

Barnehagar/skolar har eige tilvisingsskjema og dette blir sendt PPT.

All hjelp fra PPT er gratis 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 01.06.2016

Kontaktinfo

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)Tlf. 52 74 34 80
E-post: ppt.kontoret@haugesund.kommune.no

Adresse

Besøksadresse :
Senter for barn og unge.
Skåregt. 103
5528 Haugesund

Kart