Redusert betaling på økonomisk grunnlag for skulefritidsordninga for elevar på 1. og 2. trinn

Kva går ordninga ut på?

I frå 1.august 2020 er det innført redusert foreldrebetaling i SFO for familiar med låg inntekt.
Foreldrebetalinga for eit heiltidstilbod i SFO på 1. – 2.trinn skal maksimalt vere 6 prosent av hushaldet si samla skattepliktige person- og kapitalinntekt. I Sveio kommune er prisen for ein heiltidsplass i SFO kr 3205, det vil seie at hushald med samla inntekt lågare enn kr 534 167 har rett på redusert betaling for SFO skuleåret 20/21. Eventuelle kostpengar kjem i tillegg. 

Korleis kan du søke om redusert betaling?

For å søke om redusert betaling brukast søknadsskjema i Visma Flyt Skule. Link her: https://skole.visma.com/sveio.

For skuleåret 2020/21 er søknadsfristen 31. august. Søkjarar må legge ved dokumentasjon på inntekta til hushaldet det siste året, eller anna dokumentasjon på inntekt dersom det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år. 

Ved stetta søknad om redusert betaling, vil betalingsreduksjonen bli trekt i frå rekninga for oktober. 

I frå september er det løpande søknadsfrist. Betalingsreduksjonen vil då gjelda frå den første dagen i den påfølgjande månaden til registrert søknadsdato. Ny søknad må sendast kvart nye skuleår.

Med eit hushald meinas ektefeller, registrerte partnare og sambuarar. Som sambuar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur i saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene, eller har felles barn. Sambuarar utan felles born må opplyse om at dei bur i «eit ekteskapsliknande forhold» og varigheit på forholdet. Ved delt omsorg, og når barnet bur fast hos begge foreldra, skal prisen vere berekna ut frå inntekta til den foreldra som har sama folkeregistrerte adresse som barnet.  

Samtykke

Når søknaden er sendt, blir det gitt samtykke til at kommunen kan innhente naudsynte opplysningar for å gjere vedtak om redusert foreldrebetaling, jamfør forskrift til opplæringslova 1B. 

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova gir kommunen rett til å innhente naudsynte opplysningar i frå Folkeregisteret og Skattedirektoratet for å handsame søknaden. På sikt vil derfor søkjarar sleppe å leggje ved opplysningar om inntekt til hushaldet, men innhenting av naudsynte opplysningar er ikkje komen i orden per no. Søkjarar må derfor legge ved dokumentasjon på inntekta til hushaldet det siste året, eller anna dokumentasjon på inntekt dersom det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år. Sambuarar utan felles born må opplyse om at dei bur i «eit ekteskapsliknande forhold» og varigheit på forholdet.