Ungdomslos

Kristine Kaldheim Mundal er Sveios nye ungdomslos. Ho er født og oppvaksen i Sveio. 

Som ungdomslos vil ho fungera som ein støttespelar, motivator og hjelpar for ungdommen i kontakt med familie, skule eller andre hjelpeinstansar.

Kristine Mundal er ungdomslos i Sveio - Klikk for stort bileteUngdomslos i Sveio

Ho vil være tilgjengeleg på skulane, primært på Sveio skule. Du vil sjå henne i friminutta. Ta gjerne kontakt om du berre vil ta ein prat, eller om det er noko du lurar på.

Ungdomslosen kan bidra til forskjellige tenester som:

- Motivasjonssamtaler med ungdommen

- Vere med ungdommen på ulike møter med andre tenester etter klokken 14, av og til ved andre tidspunkt, men dette må avtalast.

- Råd og rettleiing både med foreldre og ungdommane

- Legge til rette for aktivitet

- Samarbeid med skule, foreldre og andre aktørar

- Hjelpe til med andre typar tiltak som ungdommen treng for å oppleva at kvardagen er god.

Ungdomslosen ønsker at barn og unge skal ha gode kvardagar, og vil derfor arbeide for økt sjølv- og meistringsoppleving.

Snapchatkontoen til ungdomslosen i Sveio - Klikk for stort bileteUngomslosen på Snapchat

Kontakt

Kristine Kaldheim Mundal
Ungdomslos
45657592