Bygge, rive eller endre

Sjekk planar og føresegner for din eigedom

Før du bygger, riv eller endrar må du sjekke kva planar og føresegner som gjeld for eigedomen din. Planar og føresegner er avgjerande for kva du kan gjere av endringar og kva du kan bruke bygget på eigedommen din til.

Melding om tiltak utan søknadsplikt

For tiltak som ikkje er søknadspliktige, skal blankett 5188 sendast til Sveio kommune. Ein treng ikkje ferdigattest for tiltak som  ikkje er søknadspliktige.

Klikk på rettleiaren for å finne ut om du må søkje på tiltaket.: http://byggutenasoke.dibk.no/#/

Finn din eigedom på http://www.seeiendom.no/

Søknadsskjema

Søknadsskjema for mindre byggeprosjekt på bustadeigedom: Gå til søknadsskjema

Søknadsskjema for profesjonelle aktørar: Gå til oversikt over nye løysningar for byggesøknader.
(Fem leverandører og Oslo kommune har no lansert nye, moderne søknadsløysningar for byggesak, og Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) stenger difor ByggSøk for nye søknader fra 1. oktober 2020.

Bygging med og utan ansvarsrett: Sjå Plan- og bygningslova

Byggesakspakke

Ved å bestille byggjesakspakken hjå oss, får du situasjonskartet du treng i byggesøknaden. Du får også eit kart med gjeldande reguleringsplanar og tilhøyrande reguleringsføresegner, og ei liste over naboeigedomar med heimelshavarar.

Eventuell utrekning av utnyttingsgrad

Kor mykje du kan bygge på eigedomen din avhenger av kva reguleringsføresegnene tillét av utnytting og kor mykje som er bygd på eigedommen frå før. Dersom du skal gjere endringer som fører til auka bygningsvolum på eigedommen, må du medrekne den nye utnyttingsgraden.

For å rekne ut dette, må du bruke informasjon om kva som er areala på bygningar og konstruksjonar på tomta. Du kan bruke godkjente teikningar for eigedomen din eller måle opp dei bygningane og konstruksjonane som skal reknast med.

Ved enkle spørsmål, kan Servicekontoret rettleia deg, og ved kompliserte utrekningar oppmodar me å ta kontakt med fagfolk.

Du kan finne ut meir om grad av utnytting i regjeringen sin rettleiar.
 

Søknad om dispensasjon for nabogrense:

Hovudregelen er at bygningar skal plasserast minst 4 meter fra nabogrensa. Byggverket sin plassering skal godkjennast av kommunen.
Dersom ikkje anna er bestemt i plan, skal byggverk ha ein avstand frå nabogrense som gjeven i føresegna eller som minst svarar til byggverket si halve høgde og ikkje under 4 meter.
Kommunen kan godkjenne at byggverk vert plassert nærare nabogrense eller i nabogrense:

a) når eigar eller festar av naboeigedomen har gjeve skriftleg samtykke

b) ved oppføring av frittliggande garasje, uthus og liknande mindre tiltak

Viss du har eit samtykke frå dei berørte naboane, eller viss bygningen har eit bruksareal eller bebygd areal på mindre enn 50 kvadratmeter, kan kommunen godkjenne ein plassering nærmare enn 4 meter.
Om bygningen vert plassert i strid med dette, må du om dispensasjon.
 

Søknad om dispensasjon for avstand til veg:

Når du bygger skal minsteavstanden til midten av regulert kommunal veg vere 15 meter og 50 meter fra midten av regulert riksveg. Dersom du skal byggje nærmare vegen enn dette må det søkast om dispensasjon frå avstand til veg.

Les meir om dispensasjonar i plan- og bygningsloven § 19:

Avkøyringsplan:

Med avkjøyring meiner ein vegsamband mellom tomta og offentleg, regulert veg. Der tiltaket medfører endring i avkøyrsleforholda, må denne godkjennast i kommunen.
Dersom du skal endre, opprette eller endre bruk av avkøyrsel i samband med ei byggesak, må du sende inn  avkøyrselsplan saman med byggesøknaden. Dette kan gjelde til dømes større bruksendringar, nybygg eller oppretting av fleire bustadar. Avkøyrsel frå offentleg veg må vere godkjend av vedkommande vegmynde.

Veglovgivninga sett krav til utforming av avkjøyrsel, her gjeld blant anna stigningsforhold, siktlinjar, snuplass og bredde. Avkøyrsla si tilknytning til offentlig veg må difor følgje føresegna i vegloven §§ 40 til 43.

Dersom tilkomsten til tomta skal gå over annan mann sin eigedom, må det føreliggje tinglyst rett til dette før det kan gjevast rammeløyve, jf. plan- og bygningslovens § 27-4.

Eventuelt annan dokumentasjon

Nokon reguleringsplanar stiller krav til ekstra dokumentasjon.

Send inn søknad

Last ned søknadsskjema og send søknaden i ein e-post til postmottak@sveio.kommune.no

Du kan også sende papirsøknad til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio eller levere søknaden ved oppmøte på kommunehuset i Sveio sentrum.

Sette i gang

Tiltaket skal vere igangsatt i innan tre år etter at det er gitt byggjeløyve. Dersom byggearbeidet ikkje er igangsatt innan tre år, fell løyve bort og du må søkje på nytt.

Kontaktinfo

Servicekontoret
Send e-post
Telefon: 53 74 80 00

Byggesaksavdelinga
Send e-post