Bustønad

Kva er bustønad?

Bustønad er ein behovsprøvd statleg støtteordning for dei som har lav inntekt og høge buutgifter.

Husbanken og kommunen samarbeidar om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjer.

Kvar er bustøttekontoret i kommunen?

I Sveio kommune er det servicekontoret på kommunehuset som er bustøttekontor. 
Besøksadresse: Sveiogata 40, 5550 Sveio
Postadresse: Postboks 40, 5559 Sveio
Telefon: 53 74 80 00

Sjekk om du kan få bustønad

Gå til husbanken sine nettsider: www.husbanken.no/bostotte/hvem-kan-fa-bostotte/
På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustønad, kva krav som gjeld for bustaden og kva inntektsgrenser som gjeld. Du kan også prøve bostøttekalkulatoren.

Søk bustønad

Gå til husbanken sine nettsider: www.husbanken.no/bostotte/slik-soker-du/

Søknadsfristen for bustønad er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgande månad. Viss du får innvilga bustønad, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din overført til neste måned automatisk.

Meld frå om endringar

Sjå husbanken sine nettsider: www.husbanken.no/bostotte/meld-fra-om-endringer/

Du har plikt til å melde frå viss det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysninger i vedtaket du får.

Klage på vedtak om bustønad

Gå til husbanken sine nettsider: www.husbanken.no/bostotte/slik-klager-du-pa-bostotte/ )

Viss du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du mottok vedtaket.   

Meir informasjon

Du finn mer informasjon om bustønad på husbanken sine nettsider:www.husbanken.no/bostotte/. Du kan også vende deg til kommunen for å få hjelp og veiledning.

Regelverk

Publisert av Solveig Merete Larsen Skree. Sist endra 05.12.2016

Adresse

Kart