INFORMASJON OM KORONAVIRUSET
INFORMATION ABOUT THE CORONAVIRUS
Telefonnummer ved akutt sosialhjelp frå Nav
På grunn av korona-situasjonen har NAV mellombels endra rutinen for søknad om økonomisk stønad.
Ved akutt sosialhjelp kan ein ringe Nav på mobilnummer: 476 08 496.
For emergency contact with NAV about social benefits call mob: 476 08 496
Skjema
NAV ber om at dersom du har behov for økonomisk stønad, skriv du ut søknaden, fyller han ut og legg han i postkassen utanfor NAV-kontoret i Sveio sentrum.
Dersom du ikkje har moglegheit for å skriva ut skjemaet, kan du komma innom Servicekontoret på kommunehuset og henta eit eksemplar.
Dersom du har symptom på koronasmitte, har hatt dette i løpet av dei siste 14 dagane eller har vore utanlands dei siste 14 dagane, skal du ikkje oppsøka kommunehuset. Me ber då om at du sender nokon andre for å henta skjemaet på dine vegner.
Kven kan få tilbodet?
Flyktningar i alderen 18-55 år som vert busett i Sveio kommune etter avtale med utlendingsmyndighetane (Imdi) har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet.
Viss du busett deg utan at dette er avtalt med kommunen, mistar du retten til å delta i introduksjonsprogrammet og får ikkje introduksjonsstønad.
Korleis få tilbodet?
Du kan ta kontakt med NAV-kontoret i Sveio for råd, rettleiing og for å søkje om deltaking i introduksjonsprogrammet.
Kva tilbyr vi?
Gjennom dette programmet vil du lære norsk og få kunnskap om det norske samfunnet. Du vil også få prøve deg i arbeidslivet. Målet med introduksjonsprogrammet er å hjelpe deg ut i jobb eller utdanning, slik at du kan klare deg sjølv økonomisk.
Du får:
- Tett oppfølging.
- Praktisk opplæring i norsk språk og samfunn.
- Hjelp til å starte utdanning eller komme i arbeid.
- Økonomisk stønad tilsvarande to gonger Folketrygdens grunnbeløp.
Programmet er på heiltid, som en vanlig arbeidsveke, og varer i inntil to år.