Ledsagerbevis

Ledsagerbevis er for personar, over 8 års-alder, som på grunn av funksjonsnedsetting har behov for ledsager på arrangmenter, kollektivreiser og fritidsaktivitetar. Ordninga er eit ledd i ein kjede av tiltak for å forebygga isolasjon og gi auka livskvalitet til enkeltpersonar med funksjonsnedsetting.

Eit ledsagerbevis gjer det mogeleg å ta med seg ein ledsager utan ekstra kostnadar på kultur- og fritidsarrangement og på transportmidlar der ordninga vert akseptert. Du betaler sjølv gjeldande prisar.

Kven kan få ledsagerbevis

Ledsagerbevis er rekna på personar med sjukdom eller nedsatt funksjonsevne med behov for bistand for å kunne delta på arrangement.

Korleis søke om ledsagerbevis

Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)

Når du har søkt, har kommunen plikt til å gi deg ei skriftleg avgjersle (enkeltvedtak) anten du får innvilga ledsagerbevis eller ikkje. I vedtaket skal det stå kva tjenester du har fått, kor omfattende dei er og korleis dei vert organisert.

Viss du får avslag på søknaden din, skal dette også grunngjevast.

Kommunen har oversikt over kva steder du kan bruke ledsagerbevis

Det er den einskilde arrangør eller verksemd som avgjer om dei aksepterer ledsagerbevis, og kva rabatt ledsagerbeviset gir. Kommunen har informasjon om kva stader ledsagerbeviset vert aksemptert. Du kan også henvende deg direkte til den einskilde arrangør eller verksemd.

Klage ved avslag på ledsagerbevis

Viss du ikkje er nøgd med vedtaket du har fått, kan du klage. Dette gjeld både dersom du er ueinig i omfanget av tjenesten eller du har fått avslag på søknad om ledsagerbevis. Då skal kommunen gi rettleiing i korlies du kan klage.

Klagen skal sendes til kommunen, som skal vurdere saken på nytt.

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 15.11.2016

Kontaktinfo

Tenestekontoret held til på Sveio omsorgssenter

Telefon: 53 74 82 20
Telefontid: 08:30-15:00

E-post: tenestekontoret@sveio.kommune.no

Besøksadresse:Løkjavegen 35, Sveio omsorgssenter
Postadresse: Løkjavegen 35, 5550 Sveio

Ekspedisjonstid: Mån.-fre. 08:30-15:00