Rusmiddelproblem

Rusmiddelbrukarar – tiltak

Dersom du treng hjelp til å kome deg ut av rusproblem, kan du vende deg til NAV Sveio tlf. 55 55 33 33. Du vil få ein timeavtale med rettleiar.

Hjelp til å kome ut av rusproblem

I timeavtalen vil rettleiaren i samråd med deg kunne finne ut kva behov du har. Det vil ofte vere naudsynt med tett oppfølgjing gjennom fleire timeavtalar. For at ein skal kunne tilby deg best mogeleg hjelp, er det viktig at du er open og ærleg om rusproblema dine.

Er du bekymra for ein slektning eller annan nær person?

Ved melding frå pårørande om omfattande rusmiddelproblem/misbruk, skal NAV Sveio føreta dei naudsynte undersøkingar i saka og vurdere om det skal fremjast ei sak.

Søkje om plass i behandlingsinstitusjon

Dersom du ønskjer plass i behandlingsinstitusjon, kan fastlegen din i tillegg til NAV Sveio hjelpe deg med å søkje om dette.

Ta kontakt med NAV Sveio for timebestilling.

 

Kontakt

NAV Sveio
Sosialteneste
55 55 33 33
Hans Vikse
Veiledar
55 55 33 33

Adresse

NAV Sveio
Sveiogata 64 C
5550 Sveio

Åpningstider

Måndag–fredag kl. 10.00–14.00 (Stengt på torsdagar.)