Økonomisk sosialhjelp skal sikra deg hjelp til naudsynt livsopphald dersom du ikkje kan skaffa deg dette gjennom arbeid eller andre inntektskjelder.
Søknad om sosialhjelp må vera skriftleg, og opplysningane i søknaden må vera dokumenterte.
På grunn av koronasituasjonen har NAV mellombels endra rutinen for søknad om økonomisk stønad.
Telefonnummer ved behov for akutt sosialhjelp frå NAV
Ved behov for akutt sosialhjelp kan ein ringa NAV på mobil: 476 08 496.
For emergency contact with NAV about social benefits call mob: 476 08 496
Skjema
NAV ber om at dersom du har behov for økonomisk stønad, skriv du ut søknaden, fyller han ut og legg han i postkassen utanfor NAV-kontoret i Sveio sentrum.
Skjema (PDF, 175 kB)
Dersom du ikkje har moglegheit for å skriva ut skjemaet, kan du komma innom Servicekontoret på kommunehuset og henta eit eksemplar.
Dersom du har symptom på koronasmitte, har hatt dette i løpet av dei siste 14 dagane eller har vore utanlands dei siste 14 dagane, skal du ikkje oppsøka kommunehuset. Me ber då om at du sender nokon andre for å henta skjemaet på dine vegner.
Jobbasen – eit tiltak for deg som bur i Sveio, er mellom 18–30 år og arbeidsledig
Kva er Jobbasen?
Jobbasen er for unge mellom 18 og 30 år, som står utanfor arbeidslivet og ønsker jobb. Hovudmålet til jobbasen er at den enkelte på sikt skal komma inn i utdanning eller lønna arbeid.
Jobbasen er eit tiltak som i utgangspunktet går over seks veker, men kor lenge kvar enkelt deltar vil vera individuelt.
Jobbasen er ein arena kor du som arbeidssøkar kan få råd og rettleiing i vegen mot jobb. Jobbasen er eit prosjekt mellom Sveio kommune og NAV og har to rettleiarar som har som hovudopgåve å følga opp ungdom og unge vaksne som vil i jobb.
Kva skjer på Jobbasen:
- Du kan få hjelp til å komma i arbeid og vera i aktivitet
- Hjelp til å finna ledige stillingar, skriva CV og søknad
- Hjelp til å førebu deg til jobbintervju
- Bistand til å ta kontakt med andre deler av hjelpeapparatet
- Møta andre i same situasjon som deg og skapa nettverk
- Samtalar, råd og rettleiing
Kva forventes av deg som deltakar:
- At du stiller opp og deltar aktivt!
- At du møter opp kl. 09.00–11.30 kvar måndag, tysdag, onsdag og fredag (ev. etter avtale med rettleiar)
- At du følger reglementet for Jobbasen.
Korleis kan eg melde min interesse:
- Ta kontakt med NAV Sveio, anten på tlf. 55 55 33 33, ved å skriva til oss på Ditt NAV på nav.no eller besøk NAV sine lokale i Sveio sentrum
Kontaktinfo:
NAV Sveio
Besøksadresse:
Sveiogata 64 C
5550 Sveio
Postadresse:
Postboks 14
5559 Sveio
Tlf.: 55 55 33 33
Mobil: 911 51 981