Startlån og tilskot frå Husbanken

Startlån

Startlån kan vere ein mogeleg inngang til bustadmarknaden for husstandar som ikkje får vanleg bustadlån eller som har vanskar med å bli buande i bustaden sin. Har du låg inntekt kan startlånet kombinerast med tilskot eller bustønad.

Les meir om du/dokker er i målgruppa på husbanken.no/startlaan/
Du kan søkje elektronisk her, eller du kan skrive ut og søkje med søknadsskjema på sida til høgre.

Har du spørsmål som gjeld lån/tilskot til bustad, kan du ta kontakt med Servicekontoret,
tlf. 53 74 80 00.

 

Tilskot til etablering

Tilskot kan bli gjeve i samband med startlån. Ordninga er strengt behovsprøvd, og det er kun dei mest vanskelegstilte som kan rekna med å få tilskot.

Ved tilskotet blir det lagt vekt på at husstanden har varig låg inntekt.

Har du spørsmål som gjeld lån/tilskot til bustad, kan du ta kontakt med Servicekontoret,
tlf. 53 74 80 00.

Tilskot til tilpassing av bustad

Tilskotet skal medvirka til at eldre og personar med funksjonsnedsetting kan bli buande heime lenger ved å tilpassa bustaden sin.

Det kan søkjast om støtte til enkle tiltak, som til dømes å fjerne tersklar for å betre tilkomsten til bustaden, men også til større ombyggingar for å leggje til rette bustaden i forhold til brukaren sin funksjonsnedsetting. Familiar med funksjonshemma barn er høgt prioritert.

Søknadane blir  økonomisk behovsprøvd. Dei med låg inntekt og/eller formue og der behovet for tilpassing er størst skal prioriterast.  Kommunen gjer ein heilskapleg vurdering av husstanden sin økonomiske situasjon på sikt, - etter at tilpassingstiltaket er gjennomført.

Ved planlegging av større ombygnader har Husbanken eigne ordningar med tilskot til utgreiing og prosjektering.

I Sveio kommune blir tilskot til tilpassing av bustad normalt delt ut ein gong i året (vanlegvis om våren).  Ein utlyser då midlane i lokalpressa og under nyhende på heimesida.

Har du spørsmål som gjeld lån/tilskot til bustad, kan du ta kontakt med Servicekontoret,
tlf. 53 74 80 00.

Tilskot til utgreiing og prosjektering

Har du behov for tilpassing av bustaden din, kan du søkje om tilskot til profesjonell prosjekteringshjelp.

Dersom du har behov for tilpassing av bustaden din i dag eller i fremtida, til dømes grunna nedsett evne for funksjon hos deg eller eit anna medlem av husstanda, kan du søkje om tilskot til profesjonell prosjekteringshjelp utført til dømes av arkitekt.

Meir informasjon kan du lese her. Søknadsskjema finn du på sida til høgre.

Søknad sendes til kommunen, som etter påteiking, vidaresender den til Husbanken, Postboks 1404, 8002 Bodø. 

Det er utarbeida eige søknadsskjema for tilskot til prosjektering. Kontakt gjerne kommunen eller Husbanken sitt regionkontor for nærmare rettleiing. Ved underskrift av søknad gir du fullmakt til kommunen (og eventuelt Husbanken) til å innhente kredittopplysningar. 

Publisert av Janne Therese Stol Bådsvik. Sist endra 13.03.2017

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

Send e-post
Telefon: 53 74 80 00

Opningstider:
Mån.-fre. 0800-1530