Jobbasen – eit tiltak for deg som bur i Sveio, er mellom 18–30 år og arbeidsledig

Kva er Jobbasen?

Jobbasen er for unge mellom 18 og 30 år, som står utanfor arbeidslivet og ønsker jobb. Hovudmålet til jobbasen er at den einskilde på sikt skal komma inn i utdanning eller lønna arbeid.

Jobbasen er eit tiltak som i utgangspunktet går over seks veker, men lengden på program vil bli vurdert individuelt.

Jobbasen er ein arena kor du som arbeidssøkar kan få råd og rettleiing i vegen mot jobb. Jobbasen er eit prosjekt mellom Sveio kommune og NAV og har rettleiarar som har som hovudopgåve å følga opp ungdom og unge vaksne som vil i jobb.

Kva skjer på Jobbasen:

  • Du kan få hjelp til å komma i arbeid og vera i aktivitet
  • Hjelp til å finna ledige stillingar, skriva CV og søknad
  • Hjelp til å førebu deg til jobbintervju
  • Bistand til å ta kontakt med andre deler av hjelpeapparatet
  • Møta andre i same situasjon som deg og skapa nettverk
  • Samtalar, råd og rettleiing

Kva blir forventa av deg som deltakar:

  • At du stiller opp og deltar aktivt!
  • At du møter opp til rett tid.
  • At du føl reglementet for Jobbasen.

Korleis kan du melde di interesse:

  • Ta kontakt med NAV Sveio, anten på tlf. 55 55 33 33, ved å skriva til oss på Ditt NAV på nav.no eller besøk NAV sine lokale i Sveio sentrum.

Kontaktinfo

Nav Sveio
Telefon: 55 55 33 33

Adresse

NAV Sveio
Sveiogata 64 C
5550 Sveio

Åpningstider

Måndag–fredag kl. 10.00–14.00.

Stengt torsdagar

Vakttelefonen for akutte situasjonar med behov for nødhjelp (økonomisk sosialhjelp) er bemanna i opningstida.