Kvalifiseringsprogram

Kvalifiseringsprogrammet er eit tilbod til deg mellom 18 og 67 år som ønskjer å koma i arbeid, men treng ekstra oppfølging for å klare det.

Kva er det?

Du vil få tilbod om oppfølging, opplæring og arbeidstrening. Målet er at du skal få den oppfølginga du treng for å koma i arbeid. Det kan vera aktuelt å samarbeida med blant anna arbeidsgjevarar, helseapparat og frivillige organisasjonar.

Programmet kan ha ein varighet på inntil to år. Du får kvalifiseringstønad medan du deltek i programmet.

Kven er det for?

Kvalifiseringsprogrammet er for deg som treng tett og koordinert oppfølging over tid for å koma i arbeid, og som står utan rett på andre ytingar.

Dersom du har spørsmål om kvalifiseringsprogrammet kan du ta kontakt med NAV på tlf. 55 55 33 33, skriftleg på DittNAV på nav.no eller besøke NAV Sveio.

Kontaktinfo

Nav Sveio
Telefon: 55 55 33 33

Adresse

NAV Sveio
Sveiogata 64 C
5550 Sveio

Åpningstider

Måndag–fredag kl. 10.00–14.00.

Stengt torsdagar.

Vakttelefonen for akutte situasjonar med behov for nødhjelp (økonomisk sosialhjelp) er bemanna i vekedagar 09.00–15.00.