Økonomisk sosialhjelp skal gi nødvendig livsopphald til personar som ikkje kan skaffa seg det gjennom arbeid eller andre inntektskjelder.
Søknaden om økonomisk sosialhjelp må vera skriftleg og opplysningane må vera dokumenterbare. NAV gjer ei konkret og individuell vurdering av kvar søknad. Saksbehandlingstida er 14 dagar.
Søknaden kan sendast digitalt på nav.no. Det er òg mogleg å hente søknadsskjema ved NAV Sveio.
For akutte situasjonar med behov for nødhjelp eller mellombels bustad, kan ein ta kontakt med vakttelefon på tlf. 916 07 903 måndag til fredag kl. 09.00–15.00.