Startlån og tilskot

Startlån

Startlån kan vera ein mogleg inngang til bustadmarknaden for husstandar som ikkje får tilstrekkeleg bustadlån eller eit tiltak for å hjelpa husstandar med økonomiske vanskar med å kunna bli buande i bustaden sin. Har du låg inntekt kan startlånet kombinerast med tilskot til etablering. Det er Husbanken som har overordna ansvar for ordninga, men det er kommunane som behandlar søknadar.

Dersom du ikkje får tilstrekkeleg lån i vanleg bank, og høyrer til i éin eller fleire av desse kategoriane, er du i målgruppa for startlån:

  • Du er i en familie med barn, og har behov for ein stabil og trygg bolig.
  • Du mottar trygd / offentlege ytingar.
  • Du kan mista bustaden din ved tvangssal på grunn av bustadgjeld.
  • Du har særlege sosiale utfordringar eller helseutfordringar.
  • Du har nedsett funksjonsevne og må tilpassa bustaden din.

Unge i etableringsfasen er ikkje i målgruppa for startlån.

Les meir om startlån på husbanken.no

Nye kommunale retningslinjer for startlån gjeld frå 1. august 2022. Les desse før du søker: Retningslinjer for tildeling av startlån frå Sveio kommune (PDF, 208 kB) 

Søknad om startlån og tilskot frå kommunen på husbanken.no

Har du spørsmål om startlån eller tilskot, kan du ta kontakt med Servicekontoret på tlf. 53 74 80 00.

Tilskot til etablering

Tilskot kan bli gitt i samband med startlån. Ordninga er strengt behovsprøvd, og det er kun dei mest vanskelegstilte som vil kunna få tildelt tilskot.

Ved tilskotet blir det lagt vekt på at husstanden har varig låg inntekt.

Tilskot til tilpassing av bustad

I tillegg til tilskot for etablering, finst det eit tilskot for tilpassing av bustad. Tilskotet skal medverka til at eldre og personar med nedsett funksjonsevne kan bli buande heime lenger ved å tilpassa bustaden sin. Tilskot til tilpassing er ikkje knytt opp mot startlån, men blir gitt etter ein separat søknad. 

Det kan søkast om støtte til enkle tiltak, som for eksempel å fjerna tersklar for å betra tilkomsten til bustaden, men òg til større ombyggingar for å legga til rette bustaden for brukaren sin funksjonevne. Familiar med barn med nedsett funksjonevne er høgt prioritert.

Søkarar blir økonomisk behovsprøvd. Dei med låg inntekt og/eller formue og stort behov for tilpassing skal prioriterast. Kommunen gjer ei heilskapleg vurdering av husstanden sin økonomiske situasjon på sikt, som òg inkluderer tida etter at eit eventuelt tilpassingstiltak er gjennomført.

Det varierer frå år til kor kor mykje midlar kommunen har tilgjengeleg til tilskot til tilpassing. Søknadsfristen for 2023 har gått ut. Ny søknadsrunde vil bli utlyst i 2024. 

Tilskot til utgreiing og prosjektering

Har du behov for tilpassing av bustaden din, kan du søka om tilskot til profesjonell prosjekteringshjelp.

Dersom du har behov for tilpassing av bustaden din i dag eller i fremtida, til dømes grunna nedsett evne for funksjon hos deg eller eit anna medlem av husstanda, kan du søkje om tilskot til profesjonell prosjekteringshjelp utført f.eks. av arkitekt.

Sjå meir informasjon om tilskot frå kommunen på husbanken.no. Søknadsskjema finn du til høgre (eller nedst på sida dersom du les dette på mobil). Søknad skal sendast til kommunen. 

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

E-post: postmottak@sveio.kommune.no
Telefon: 53 74 80 00
Telefontid sentralbord: 08.30-13.00

Opningstid:
Mån.–fre. 08.00-15.30