Folkehelse

Folkehelsearbeid er førebygging. Det var eit viktig mål med den store «Samhandlingsreforma» at Noreg som samfunn burde flytta meir ressursar frå reparasjon til førebygging, og kommunane fekk ei sentral rolle i dette arbeidet. Kommunane sine plikter innanfor folkehelsearbeidet er heimla i Lov om folkehelsearbeid (folkehelselova) av 24. juni 2011.

Folkehelsearbeidet er ikkje eit ansvar som ligg til helse- og omsorgstenestene aleine. Folkehelsearbeidet er eit ansvar for alle delar av den kommunale verksemda. Somme fagfolk har gått så langt som å seia at folkehelsearbeidet er 10% helse- og sosialtenester og 90 prosent andre tenester. Føremålet med folkehelsearbeid er å førebyggja «uhelse» som i neste omgang krev behandling i helsevesenet. Difor må alle i Sveio kommune sjå på seg sjølve som «folkehelsearbeidarar». Arbeidet til barnehagelæraren, læraren og bibliotekaren er med på å fremja god folkehelse. Det same gjeld helsesjukepleiaren, sjåføren i brøytebilen, renovatøren og driftsoperatøren på vassverket. Kort sagt er gode tenester eit viktig grunnlag for god folkehelse.

Informasjon til og dialog med kommunen sine ibuarar er og ei svært viktig side av folkehelsearbeidet. Menneske gjer val som vil ha påverknad på helsetilstanden både på individ- og samfunnsnivå både på kort og lang sikt. Vi ser at mange såkalla livsstilssjukdomar har auka i omfang dei seinare åra. Dette gjeld både nasjonalt, regionalt og lokalt. Samstundes ser vi at det nyttar å arbeida for å redusera usunne levevanar. Den sterke reduksjonen i talet på daglegrøykarar er eit godt døme på dette, og vi kan alt no sjå at sjukdomstilfelle som er relatert til røyking, er i ferd med å bli reduserte.

FHI Folkehelseprofil for Sveio kommune februar 2019 (PDF, 989 kB)

Folkehelseoversikt for Sveio 2019 (PDF, 9 MB)

Nyttige lenker om folkehelsearbeid

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 19.11.2019