Forskrift om gjødslingsplanlegging gjeld alle føretak som disponerer jordbruksareal og som har rett til produksjonstilskot. Det skal lagast gjødslingsplan før kvar vekstsesong. Forskrift om produksjonstilskot slår fast at produksjonstilskot skal avkortast ved brot på forskrift om gjødslingsplanlegging. § 3 i forskrifta gir opning for at kommunen etter søknad kan gi godkjenning for ein gjødslingsplan som varer i fem år for føretak som har ei enkel driftsform, liten variasjon i arealbruken eller ei ekstensiv driftsform slik at gjødslingstrongen varierar svært lite på dei enkelte skifta frå år til år. Jf.§ 5 i forskrifta kan kommunen etter søknad gi fritak frå gjødslingsplan for føretak med jordbruksareal som blir drive svært ekstensivt. Eit slikt fritak kan gis for fem år.
Med 5 gjødseldyreeiningar (GDE) eller meir, kan det ikkje gis fritak.