Dagsentertilbod:

Bur du heime og har behov for å komme deg ut av ein isolert tilvære? Eller har pårørande behov for avlastning? Eit dagsentertilbod gir deg mogeligheiter for å delta på ulike aktivitetar eller rehabiliteringstiltak. Målet er å laga eit miljø det tryggleik og glede står i fokus.

Tenesten er tilknytta Sveio Omsorgssenter. Brukar mottek transport til og frå dagsenteret. Dei blir tilbydd ulike aktivitetar som handarbeid, avislesing, trim, sang og turar m.m. Det blir servert middag. Det er aktivitøren som lager programmet.

Målgruppe:

Eldre, funksjonshemma, personar med psykiske lidingar

Kriteriar/vilkår:

  • Du bur heime og har ikkje andre tilbod.

Pris for tenesta:

  • Dagsenter kostar kr 144,- pr dag inkl. middag og skyss. Faktura kjem i posten etterskuddsvis.

Lovverk:

  • Dagsenter er ikkje ei lovpålagt teneste etter helse-og omsorgsstenesteloven.
Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 09.01.2017

Kontaktinfo

Tenestekontoret held til på Sveio omsorgssenter

Telefon: 53 74 82 20
Telefontid: 08:30-15:00

E-post: tenestekontoret@sveio.kommune.no

Besøksadresse:Løkjavegen 35, Sveio omsorgssenter
Postadresse: Løkjavegen 35, 5550 Sveio

Ekspedisjonstid: Mån.-fre. 08:30-15:00