Fysioterapi

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 17.10.2016

Fysioterapi har som målsetjing å vedlikehalde det einskilde menneske sitt funksjonsnivå gjennom førebygging, behandling og rehabiliterande tiltak. Dette skal skje uavhengig av alder. Vi vil gi det enkelte menneske høve til å fungere i samsvar med eigne ønskje og behov, slik at dei kan fungere i samfunnet.

Kvardagsrehabilitering er ein viktig ny satsing i Sveio kommune. Les meir om den her

Kommunal fysioterapi har i første rekke ansvar for fysioterapi for barn, funksjonshemma og eldre brukarar. Arbeidet blir utført der det passar best for brukarane, enten det er heime eller andre stader dei oppheld seg. Førebygging av lidingar i muskel/ skjelettsystemet, rehabilitering eller hjelp til kroppsleg utvikling er aktuelle arbeidsområde. Andre oppgåver er undersøking, rettleiing og behandling. Dette går til vanleg føre seg som aktiv trening. Rettleiing, søknad, tilpassing av tekniske hjelpemiddel og opplæring i bruk av dei, er et anna stort felt innan kommunefysioterapien.

Den kommunale fysioterapeuten har til oppgåve:

  • koordinasjon av fysioterapitenesta
  • ta i mot nye tilvisingar og kontakt med pasientar
  • rehabilitering av pasientar ved Sveio Omsorgssenter
  • barnefysioterapi
  • inn og utleveringstad for hjelpemiddelsentralen
  • kommunalt hjelpemiddellager
  • hjelpemiddel - tilpassing og utprøving
  • undersøking, rettleiing og oppfølging innanfor barnehage, skule, heimeibuande eldre og funksjonshemma
  • helsestasjonar: Grupper ved Sveio og helsestasjon
  • Kvardagsrehabilitering

I Sveio kommune er me bevisst på at det er mye å henta på forebyggande tiltak. Kommunen har folkehelsekoordinator. Her kan ein blant anna få tilbod om veiledning og hjelp i høve til KOLS, FYSISK AKTIVITET etc…

Slik søker du:

Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)

Søknaden skal du sende til: 
Sveio kommune v/Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio Omsorgssenter, 5550 Sveio

Fysioterapitenesta privat og offentleg er leia av:

Kommunefysioterapeut Geir Waaktaar
Tlf 53 74 82 17 / 915 32 556
e-post: geir.waaktaar@sveio.kommune.no

Andre Kommunefysioterapeutar er:
Tonje Hovland 948 59 689
e-post: tonje.hovland@sveio.kommune.no

Sigrid Fangel  477 08 772
e-post: Sigrid.Fangel@sveio.kommune.no

Til den kommunale fysioterapitenesta høyrer også den private praksisen ved Sveio Fysikalske Institutt og ved Albatross fysioterapi.

Kontaktinfo Sveio fysikalske institutt og Albatross fysioterapi:

Sveio Fysikalske Institutt
Fysioterapeutene Ørnulf Botnen og John Christian Vespestad
Tlf 53 74 75 50.
Lokalisering: Hjartåsveien 3 i Førde

Kontaktinfo Albatross fysioterapi:Albatross fysioterapi