Hjelpemiddel

Kommunen sitt korttidslager - ved akutt og kortvarig trong for hjelpemiddel

Kommunalt lager lånar ut hjelpemiddel for ein kortare periode. Dette er eit utval av hjelpemiddel til akutte sjukdommar og skade. Til dømes: Krykker, toalettforhøyar og liknande.
Kommunen har etter Lov om folketrygd §10-15 ansvar for hjelpemiddel til korttidsutlån (sjukdom, skade og lyte som vil vare mindre enn 2 år) og til brukar som bur på institusjon.


Varig behov (dvs meir enn 2 år) for hjelpemiddel

Dersom du har varig behov for hjelpemiddel, kan du få støtte til dette gjennom NAV Hjelpemiddelsentral. Du kan få hjelp til å setja fram krav om hjelpemiddel frå tilsette i helse og omsorgstenesta i kommunen. Meld kravet til tenestekontoret i Sveio.  Kommunen har ansvar for utgreiing av trongen for hjelpemiddel og for opplæring i bruk. Ved søknad treng du sakkyndig uttale frå  fysioterapeut  og i einskilde tilfelle utale frå fastlegen.

Kommunen køyrer dei større hjelpemidla ut til aktuelle brukarar og tilpassar dei og visar korleis dei fungerer. Dei minste hjelpemidla blir henta på Sveio Omsorgssenter av pårørande eller brukar.

Slik søker du:

Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)

Søknadsskjema skal sendast til:
Sveio kommune v/Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio Omsorgssenter, 5550 Sveio.

Reparasjon av tekniske hjelpemiddel

Ved reparasjonar av hjelpemiddel utlevert av kommunen kan du ta kontakt med:

  • Tonje P Hovland: Kommunefysioterapeut  / ansvar for hjelpemidlar, mob:94 85 96 89
  • Mariann Mjånes: Fysioterapeut / ansvar for hjelpemidlar, mob: 91 53 25 56
  • Beathe Sydnes Ekrheim:  Ergoterapeut / ansvar for hjelpemidler, mob: 90 82 72 99

Du kan også få hjelp til tilpassingar og skriving av søknadar.Heimetenestene er òg ein naturleg samarbeidspartnar.

Sveio kommune har vedteke at mottaksstaden av hjelpemiddel frå  NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland skal vera ved Sveio Omsorgssenter (SOS). Her er òg det kommunale lageret av hjelpemiddel.

Kor mykje er utlånt i Sveio kommune?
Den siste statistikken frå Hjelpemiddelsentralen viser at det blir lånt ut hjelpemiddel til ein verdi av ca 3 millionar kroner i Sveio kommune kvart år frå staten. Med bil og arbeidshjelpemiddel frå trygdekontoret i Sveio er summen ca 4-5 millionar kroner.
Det er til ei kvar tid hjelpemiddel for ca 16 millionar kroner på utlån frå hjelpemiddelsentralen i Hordaland til brukarar i Sveio kommune. ( Og då kjem bilar og tilpassing av bil og arbeidsplassar utanom).
Årlig utlån er på ca 750 hjelpemiddel.

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 21.10.2019

Kontaktinfo

Fysio- og rehabiliteringsavdeling: tlf. 53 74 82 17

Tonje Hovland: 
Kommunefysioterapeut  / ansvar for hjelpemidlar
mob:94 85 96 89

Mariann Mjånes
Fysioterapeut / ansvar for hjelpemidlar
mob: 91 53 25 56

Beathe Sydnes Ekrheim
Ergoterapeut / ansvar for hjelpemidler
mob: 90 82 72 99

Tenestekontoret:

Telefon: 53 74 82 20
Telefontid: 08:30-15:00

E-post: tenestekontoret@sveio.kommune.no

Besøksadresse:Løkjavegen 35, Sveio omsorgssenter
Postadresse: Løkjavegen 35, 5550 Sveio

Ekspedisjonstid: Mån.-fre. 08:30-15:00

Kart