Helsestasjon for seniorar

Helsestasjon for seniorar er eit kommunalt helsetilbod der ein har som mål å fremma og førebygga helse hjå våre seniorar. Me ønskjer å gi informasjon, rettleiing og auka kunnskap om kva som er viktig for å bevare helse og funksjon i eldre år. Helsestasjonen kan gi hjelp til å iverksette tiltak for å oppretthalda eller forbetra funksjonsevne, helse og trivsel.

Kven ønskjer me å møta?

Me ønskjer å møta friske og oppegåande seniorar som framleis er handlekraftige. Då kan ein gjera endringar i livet som kan gjera alderdomen tryggare. Ein kan gjera nødvendige val for seinare. Me ønskjer og å møta dei som ikkje har tenester i kommunen, som treng rettleiing i helserelaterte utfordringar som dei har i kvardagen.

Førebyggande heimebesøk

Alle innbyggjarar over 80 år, som ikkje har tenester frå kommune, får tilbod om eit førebyggande heimebesøk.

Samtalen skal væra motiverande og handla om kva ønskjer og forventningar du har til din kvardag og framtid. Dette tilbodet er frivilleg og gratis.

Samtalen kan handla om:

  • Kva er viktig for deg?
  • Bustad
  • Fysisk og sosial aktivitet
  • Fallførebygging
  • Brannførebygging
  • Velferdsteknologi

Du vil få informasjon om kommunen sine tenester og kor du kan ta kontakt, dersom du treng hjelp frå kommunen seinare i livet. Du får snakka med kvalifisert helsepersonell som har teieplikt. Under besøket vil du få informasjonsmateriell om kva du kan gjera for å ta vare på eiga helse.

Helsedirektoratets video om førebyggande heimebesøk

 

Link til youtube video https://www.youtube.com/watch?v=1z4SCQ5oZMM

Tilbod til innbyggjarar 65+ utan kommunale tenester

Seniorsamtalen er på helsestasjon eller heime. Ein må sjølv ta kontakt med helsestasjonen dersom ein ønskjer ei slik samtale. Pårørande kan også ta kontakt. Du vel sjølv kva du vil ta opp og får rettleiing i det du sjølv måtte ønskje.

Journalføring og lovverk

Samtale ved helsestasjonen defineres som helsehjelp og har derfor dokumentasjonsplikt etter Helse- og omsorgstjenesteloven. Det betyr at me fører journal på oppfølginga. Journalen skal bidra til fagleg forsvarleg oppfølging. Du har rett til innsyn i din eigen journal.

Nyttige lenkjer

planleggelitt.no/

65+ øvingar som held deg i form på helsedirektoratet.no

Gode råd om brannsikring for eldre på brannvernforeningen.no

Tryggleik i heimen for eldre på dsb.no

Øvingar for å forebygge fall på helsedirektoratet.no

Kontaktperson:

Solveig Leonora Gravelsæter
Telefon: 90 36 22 08
E-post: helsestasjonforseniorar@sveio.kommune.no
Dersom eg ikkje svarar på telefon, ringer eg deg opp igjen når eg er tilbake på kontoret.