Helsestasjon for born 0-5 år

Dette er eit tilbod til alle som har barn i førskulealder om som oppheld seg i kommunen.

Ein treng ikkje ha spesielle problem eller vanskar for å ta kontakt med helsestasjonen. Me ynskjer kontakt med alle barnefamiliar, og ser fjerne at innflyttarar tar kontakt.

Tilbodet er gratis.

Føremålet er:

  • Å fremma barns fysiske, psykiske og sosiale helse.
  • Å førebyggja medfødde og erveerva sjukdommar.
  • Å avdekka avvik tidleg og gje hjelp ut frå den enkeltes behov.

Me tilbyr:

  • Heimebesøk
  • Konsultasjonar hos helsesøster, foreldreveiledar, helsestasjonslege, fysioterapeut
  • Vaksinasjonar etter anbefalt barnevaksinasjonsprogram
  • Foreldreveilednings grupper/barselgrupper- 8 gonger første leveår.

Gruppene er drive av foreldreveiledar og helsesøster . Tannpleiar, fysioterapeut, barnevern og psykiatrisk sjukepleiar og PPT er med på eit treff kvar. Gruppene tek opp aktuelle tema som føl barnets utvikling og bygge på ICDP foreldreveilednings programmet.

  • Helsesøsterteneste til flyktningfamiliar, oppvaksinering ift norsk vaksinasjonprogram.
  • Helseopplysning
  • Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
  •  Ansvarsgrupper kring barn og unge med samansette behov. IP plan skriving.
  • Foreldreveiledning individuelt og i grupper ift PEACE- angst mestring.
  •  

Program for helsestasjonstenesta 0-5 år.

 

  • 0-2 veker Heimebesøk: Til alle familiar med nyfødde med vektkontroll, måling av hodeomkrins på barnet. 
  • Ofte ein vektkontroll mellom heimebesøket og 6. vekers us og evnt fleire dersom behov.
  • 2-4 veker: Oppstart av Foreldreveiledningsgrupper. Som består av 8 gruppemøter i løpet av 1. leveår.
  • 6 veker:  Konsultasjon hos helsesøster og lege.  Vaksine: Rotavirus . evnt  BCG vaksine der ein eller begge av foreldra kjem frå land med høg førekomst av tuberkulose
  • 3 mnd: Konsultasjon hos helsesøster . Kontroll av hoftene.Vaksine: Stivkrampe/difteri/kikhoste/polio/Hib  + Hep B,  pneumokokk + rotavirus
  • 4 mnd:  Konsultasjon hos helsesøster 
  • 5 mnd:  Konsultasjon hos helsesøster . Vaksine: Stivkrampe/difteri/kikhoste/polio/Hib  + Hep B, pneumokokk
  • 6mnd:   Konsultasjon hos helsesøster og lege.
  • 8 mnd:  Konsultasjon hos helsesøster. BOEL test – grovsjekk av hørsla
  • 10 mnd:  Konsultasjon hos helsesøster
  • 12 mnd:  Konsultasjon hos helsesøster og lege. Vaksine: Stivkrampe/difteri/kikhoste/polio/Hib+ Hep B,  pneumokokk
  • 15 mnd:  Konsultasjon hos helsesøster Vaksine: Meslingar(kusma/raudehundar (MMR)
  • 18-20 mnd: Konsultasjon hos helsesøster
  • 2 ¼ år: Konsultasjon hos helsesøster og lege. SATS test – språkforståing
  • 4 år: Konsultasjon hos helsesøster.  Synstest, Språk 4 – språkutvikling, vekt, lengde, samtale
  • Førskule: Konsultasjon hos helsesøster. Syn, hørselstest, vekt og lengde og samtale, samt lege u.s.

I tillegg til dette faste programmet, har me individuelle konsultasjonar etter behov.

Me svarar på telefon, og ynskjer at foreldre tek kontakt om det er noko dei lurar på.

Ta med eit handkle eller eit teppe til å ha under barnet når du steller det og når dåke skal til legen.

Desse jobbar ved helsestasjonen:

Leiande helsesøster

Grethe Natås telt: 53748120/41513298

Grethe.natas@sveio.kommune.no

Foreldreveiledar:

Ritha Førland, telf: 53748123/90647175
Ritha.forland@sveio.kommune.no

Flyktninghelsesøster:

Marianne Hinderlid, tlt: 53748122 / 908 27 102
marianne.hinderlid@sveio.kommune.no

Helsesøster:

Cathrine Selsås, telf: 53748121 / 904 11 382
cathrine.selsas@sveio.kommune.no

Marianne Hinderlid, tlt: 53748122 / 908 27 102
Marianne.hinderlid@sveio.kommune.no

Postadresse:

Sveio helsestasjon
pb.68
5559 Sveio

Me har kontor i kjellaren på kommunehuset.



Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 31.10.2018

Kontaktinfo

Sveio helsestasjon
telefon: 53 74 81 20

Besøksadresse:
Sveio kommunehus, kjelleretg.

Postadresse:
Postboks 68
5559 Sveio

https://www.facebook.com/sveiohelsestasjon/

Kart