Jordmor

Jordmor i Sveio er Annett Semb Helvik. 

Svangerskapsomsorgen tilstreber at gravide i størst mogleg grad held seg friske gjennom svangerskapet, og føder eit friskt barn med normal vekt til termin.

Gravide kvinner i Sveio kommune kan velja om dei vil gå til jordmor eller fastlege, eller ein kombinasjon av desse. Det anbefalast 8-9 svangerskapskonsultasjoner, med individuell tilrettelegging.

Vi tilbyr:

  • Tidleg samtale, ca uke 8, også evt ved planlegging av graviditet
  • Svangerskapskonsultasjonar med ammerettleiing og fødselssamtale
  • Tilvising til spesialisthelsetenesta ved behov
  • Svangerskapskurs, med partnar.
  • Jordmor hjem
  • Etterkontroll av barselkvinner 6-8 veker etter fødsel
  • Prevensjonsrettleeing med innsetting/uttak av spiral og p-stav
  • Celleprøve

Jordmor heim

Sveio kommune ønskjer å bidra til ein trygg start på det nye familielivet. Ein tilbyr heimebesøk av jordmor 1 til 3 døgn etter heimkomst frå sjukehuset.

Vi tilbyr:

  • Samtale om fødsel
  • Ammerettleiing og babystell
  • Oppfølging av deg som barselkvinne
  • Ein prat om det som opptar dere

Jordmor ønskjer at du sender SMS når du reiser frå sjukehuset. Vi vil då ta kontakt for nærare tidspunkt!

Med beste hilsen
Jordmor Annett Semb Helvik mob. 46 88 19 19

PS! Bestill gjerne etterkontroll hos oss, ca. 6 veker etter fødsel!

6-8 ukers kontroll

Konsultasjonen er retta inn mot kvinnas fysiske og psykiske helse, og omfattar informasjon/tilbod om prevensjon.

Hensikten er både å fanga opp forhold som treng oppfølging, og å støtte kvinna.

Aktuelle temaer i samtalen:

  • Samtale om fødselen; renselse, menstruasjon, vannlating, avføring, inkontinens og fødselsrifter
  • Amming - korleis går det?
  • Søvn og kvile, meistring av morsrolla, forhold til partnar
  • Nedstemthet
  • Smerter i bekkenbunnen, evt kontroll av fødselsrifter og tilheling
  • Bekkenrelaterte smerter
  • Bekkenbunnstrening
  • Prevensjon, samliv, seksualitet
  • Hemoglobin – anemi
  • BT
  • Helsestasjonen, oppfølging av barnet
  • Ris/ros til føde/barselavd.
  • Samarbeid med helsestasjon/videre oppfølging

Kontroll etter fødselen hos kvinner utan risiko og med eit normalt fødsel- og barselforløp bør gjennomførast av den som har fulgt opp kvinna under svangerskapet eller hatt ansvar for fødselen.

Innhaldet i konsultasjonen er kvinnas fysiske og psykiske helse med utgangspunkt i epikrise frå føde-/barselavdelinga. Hensikten er både å fange opp forhold som treng oppfølging og å støtte kvinna i hennar oppleving av det som anses som normale fysiske og psykisk endringar.

Retningslinene beskriver komplikasjonar som kan førekoma hos barselkvinner, og som helsepersonellet bør vere merksam på. Behandling og diagnostisering er utanfor retningslinenes oppdrag. 

Prevensjon

Jordmor tilbyr:

  • Gratis konsultasjon
  • Innsetting /uttak av spiraler
  • Innsetting /uttak av P-staver
  • Vi har rekvisisjonsrett og kan skrive ut resepter på alle typer prevensjon

For timebestilling, kontakt:
Annett Semb Helvik mob 46 88 19 19 eller e-post annett.semb.helvik@sveio.kommune.no

#sjekk deg - Celleprøve

Vi tilbyr gratis celleprøve fra livmorhalsen til alle kvinner mellom 25 og 69 år, som bor i kommunen.

For timebestilling kontakt:

Annett Semb Helvik mob 46 88 19 19 eller e-post annett.semb.helvik@sveio.kommune.no

 

 

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 28.10.2019