Vaksinasjon mot smittsomme sjukdommar - reisevaksinering

Smittevern legen er lokal helsemyndighet etter lov om vern mot smittsamme sjukdommar og elles medisinsk fagleg rådgivar for kommunen. I situasjonar der det har oppstått situasjonar med smittsame sjukdomar vil smittevern legen lede arbeidet med handtering av situasjonen.

Smittevern legen er ansvarlig for utarbeiding og oppdatering av smittevern planen i kommunen. Smittevern legen skal elles formidle kunnskap om smittevern til kommunens administrasjon, politikarar og befolkninga forøvrig.

Kommunen har egen smittevern plan og oppgåver som ofte utfører i helsestasjon og skulehelsetenesta er:

  • Førebygging og kontroll av tuberkulose
  • Gjennomføring av barnevaksinasjonsprogrammet
  • Oppfølging, veiledning og vaksinering ifm smittsame sjukdommar/epidemiar

Sveio helsestasjon har det praktiske arbeidet ifm tuberkulosetesting av personer som kjem inn under tuberkulosekontrollprogrammet.

Me driv vaksinering ift små barn og skulebarn etter veiledaren.

Me driv smitteførebyggjande arbeid i barnehagar og på skulane etter behov. Eksempel på dette kan væra: informasjon om handvask, hygiene, tiltak ift «kyssesyken», lus, fotvorter o.l., med informasjon til elevane, luse førebyggjande tiltak.

Helsestasjonen har ei viktig rolle i førebygging av ikkje smittsomme sjukdommar, bl.a. gjennom veiledning om kosthold, tobakk, rus/alkoholvaner og fysisk aktivitet. Helsestasjonen tar opp desse tema regelmessig  med den gravide, foreldre, barnet og ungdommen.

Barnevaksineringa er gratis.

Ved pandemisk influensa tilbyr kommunen vaksinering etter retningsliner frå Nasjonalt folkehelseinstitutt, denne må ein betala ein eigendel for ved vaksinering.

Me har ikkje reisevaksinering ved Sveio helsestasjonen. Ta kontakt med Vaksinasjonskontoret i Haugesund eller på Stord, samt Oasen vaksinasjonskontor.

  • Telefon Haugesund vaksinasjon kontor på Bleikemyr, 52744215
  • Telefon vaksinasjonkontoret på Stord: 48078895
  • Oasen vaksinsjonskontor på Oasen senter: 52832733
  • Bestill time i god tid før reise ift reisevaksinering, du treng ofte fleire dosar og det tar tid.
  • Du må betale for reisevaksinering.

Helsesøster som jobbar med smittevern kan ein nå ved :

Sveio helsestasjon,
telefon  53748121
Adresse: PB 64, 5559 Sveio

Smittevernlegen i Sveio kan du nå ved Sveio legekontor, telefon  53748400

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 23.03.2017