Hjelpemiddel

Utlån av hjelpemiddel er eit tilbod til deg som grunna sjukdom eller nedsett helse kan ha nytte av hjelpemiddel for å greie daglege gjeremål, og for å kunne vere meir sjølvstendig i eige liv.

Korttidslån 

  • Ved kortvarig behov for enkle hjelpemiddel som til dømes krykker, toalettforhøgar og arbeidsstol, kan du få låne dette av kommunen
  • Utlånstid er 3 månader, med mindre noko anna vert avtalt
  • Rehabiliteringsavdelinga har eit lager med enklare hjelpemiddel, og dei kan kontaktast for spørsmål om utlån

Langtidslån

  • Har du eit langvarig behov for hjelpemiddel, må du ta kontakt med fysioterapitenesta.
  • Fysioterapeut hjelper deg då med å finne ut kva hjelpemiddel du kan ha behov for, og søker til NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland om utlån av dette.
  • Ved behov for reparasjon av hjelpemiddel, ta kontakt med fysioterapitenesta.

For å få låne hjelpemiddel i Sveio Kommune, må du bu eller opphalde deg i kommunen.

Kven kan du kontakte?

  • Tonje P.Hovland:  Kommunefysioterapeut  / ansvar for hjelpemidlar mob: 94 85 96 89
  • Mariann Mjånes: Fysioterapeut / ansvar for hjelpemidlar mob: 91 53 25 56
  • Beathe Sydnes Ekrheim:  Ergoterapeut / ansvar for hjelpemidler  mob: 90 82 72 99
Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 17.09.2019

Kart