Omsorgsløn

Omsorgslønn blir ytt til personar som har ansvaret for å gi hjelp til personar som har store og samansette hjelpebehov og der den hjelpetrengjande er mest tent med å motta hjelpa frå personen som søkjer om omsorgsløn.

Kriteriar/vilkår:

Du må ha særleg tyngande omsorgsarbeid. Moment som kan tas i betraktning er:                                            

  • Om du arbeider mange timar pr månad med omsorgsarbeid. 
  • Om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg. 
  • Om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvnen.
  • Om omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på fritid.                                                                 

Omsorgsarbeidet må ha eit visst omfang for at det skal bli rekna som særleg tyngande.          Omsorgsarbeidet må forventas å vare i lang tid. Du må søke om Hjelpestønad via NAV før omsorgslønn blir vurdert.                             

Lovverk:

Ordninga er lovheimla i Helse- og omsorgstjenesteloven. 

Slik søker du:

Søkjar av tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen. Det må liggje føre ein skriftleg søknad.

Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)

Søknaden skal du sende til: 
Sveio kommune v/Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio Omsorgssenter, 5550 Sveio.

Tenestekontoret behandlar søknaden og det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon 

Saksbehandlar ved Tenestekontoret kan hjelpa deg å utforme ein skriftleg søknad.

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 17.10.2016

Kontaktinfo

Tenestekontoret held til på Sveio omsorgssenter

Telefon: 53 74 82 20
Telefontid: 08:30-15:00

E-post: tenestekontoret@sveio.kommune.no

Besøksadresse:Løkjavegen 35, Sveio omsorgssenter
Postadresse: Løkjavegen 35, 5550 Sveio

Ekspedisjonstid: Mån.-fre. 08:30-15:00

 

Kart