Støttekontakt

Ein støttekontakt sine viktigste oppgåver er å motivera og tilrettelegga for sosialt samvær og meiningsfull fritid. Støttekontakten skal også bidra til å bygge nettverk og forebygga isolasjon og einsamhet. Dei skal fungera som ein brubyggar mellom vedkommande og ulike aktivitetar.

Praktisk informasjon om tenesta

  • Støttekontakt er til fritidsaktiviteter
  • Treningskontakt er støttekontakt  der målsetting er hjelp til å kome i form med fysisk aktivitet
  • Støttekontakt -og treningskontakt er gratis
  • Det kan vere at du må søkje om følgjekort

Slik søker du:

Søkjar av tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen. Det må liggje føre ein skriftleg søknad.

Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)

Søknaden skal du sende til: 
Sveio kommune v/Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio Omsorgssenter, 5550 Sveio.

Saksbehandlar ved Tenestekontoret kan hjelpa deg å utforme ein skriftleg søknad.
Viss ein annan søker på vegne av deg, må vedkommande ha fullmakt. Søknaden må bli signert av søkjar/føresatt.

Les meir om tenestekontoret her
 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 26.10.2016

Kontaktinfo

Tenestekontoret held til på Sveio omsorgssenter

Telefon: 53 74 82 20
Telefontid: 08:30-15:00

E-post: tenestekontoret@sveio.kommune.no

Besøksadresse:Løkjavegen 35, Sveio omsorgssenter
Postadresse: Løkjavegen 35, 5550 Sveio

Ekspedisjonstid: Mån.-fre. 08:30-15:00