Tryggleiksalarm

 

Bor du aleine og har behov for å kunne tilkalla hjelp i akutte situasjonar, kan du søkje om tryggleiksalarm. Tryggleiksalarmen er knytta til ein vaktsentral som formidlar kontakt vidare til heimesjukepleien. Personal frå heimesjukepleien rykker ut heile døgnet om det er nødvendig.

Pris for tenesta:

Tryggleiksalarm GSM: kr 217,- pr.mnd.
Tryggleiksalarm analog: kr. 206,- pr. mnd.
Eingongsinnstallasjon kostar kr 952,- .
Faktura blir sendt ut i desember og juni.

Du må kjøpe SIM-kort sjølv til alarmen. Det får du kjøpt på alle elektriske butikkar som til dømes ELKJØP. Sim-kortet må vera tilknytta eit Telenor-abonnement og passe til Tryggleiksalarm. Heimesjukepleien innstallerer tryggleiksalarmen i heimen.

Målgruppe:

Eldre, funksjonshemma og andre som kan føle seg utrygge ved å bu aleine.

Kriteriar/vilkår:

  • Det må foreligga søknad.
  • Du må bu/opphelde seg i kommunen.

Lovverk:

Tryggleiksalarm er ikkje ein lovpålagt teneste, men kan ytas om du har eit hjelpebehov som gir rett til tenesten etter helse-og omsorgstenesteloven.

Slik søker du:

Søkjar av tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen. Det må liggje føre ein skriftleg søknad.

Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)

Søknaden skal du sende til: 
Sveio kommune v/Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio Omsorgssenter, 5550 Sveio.

Saksbehandlar ved Tenestekontoret kan hjelpa deg å utforme ein skriftleg søknad.
Viss ein annan søker på vegne av deg, må vedkommande ha fullmakt. Søknaden må bli signert av deg.

Søknaden skal du sende til 

Sveio kommune v/Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio Omsorgssenter, 5550 Sveio.

Kontakt/spørsmål:  53748220

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 18.01.2017

Kontaktinfo

Tenestekontoret held til på Sveio omsorgssenter

Telefon: 53 74 82 20
Telefontid: 08:30-15:00

E-post: tenestekontoret@sveio.kommune.no

Besøksadresse:Løkjavegen 35, Sveio omsorgssenter
Postadresse: Løkjavegen 35, 5550 Sveio

Ekspedisjonstid: Mån.-fre. 08:30-15:00