Det skal finnes ein koordinerande eining for habiliterings- og rehabiliteringsvirksomhet i kommunen, jf. Helse- og omsorgstenesteloven § 7-3. Koordinerande eining i Sveio kommune ligg under Tenestekontoret.
Koordinerande eining skal bidra til å sikre heilskapleg tilbod til pasientar og brukarar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering.
Dette omfattar både samhandling internt i kommunen, med fastleger, andre sektorer og
spesialisthelsetenesta.
Koordinerande eining skal ha overordna ansvar for arbeidet med koordinator/individuell plan.
Koordinerande eining skal være:
● Kontaktpunkt for meldingar om behov for habilitering og
rehabilitering
● Kontaktpunkt for meldingar om behov for individuell plan (IP)
og koordinator.
Sentrale oppgåver er:
• Vurdering og saksbehandling av saker vedrørande heilskapleg rehabilitering og habilitering, herunder søknad om individuell plan og koordinator.
• Ivareta behovet for tverrfaglig og tverretatlig samarbeid, samt samarbeid med helseforetak.
• Utarbeide plan for habilitering og rehabilitering
• Ha oversikt over tilbod innan habilitering og rehabilitering
• Sørgje for brukarmedverking
• Ivareta familieperspektivet
• Søknad om koordinator og individuell plan.
• Oppnemne koordinator
• Ha oversikt over koordinatorer og eksisterande individuelle planer (IP) i kommunen
• Kvalitetssikra arbeid med individuelle planer (IP)
• Medverka til opplæring og rettleiing av koordinatorar.
Kontaktinformasjon:
Tenestekontoret
Telefon: 53 74 82 20
Gå til søknad om koordinator / individuell plan (PDF, 70 kB)
Søknad skal du sende til: Tenestekontoret, Løkjavegen 35, 5550 Sveio