Koronavaksinasjon

Sveio kommune tilbyr koronavaksinasjon i oktober. 

Kven er anbefalt å vaksinera seg? 

Folkehelseinstituttet anbefaler at følgande målgrupper bør vaksinerast med ein oppfriskningsdose før haust-/vintersesongen 2024/2025: 

  • Aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar.  
  • Aldersgruppa 18–64 år som inngår i ei risikogruppe.  
  • Aldersgruppa 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom. 
  • Aldersgruppa 6 månadar–11 år med alvorleg grunnsjukdom etter individuell vurdering. 
  • Gravide i 2. eller 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan vurderast dersom den gravide har tilleggssjukdommar som gir ytterlegare auka risiko. Vaksinasjon av gravide vil òg gi beskyttelse til det nyfødte barnet.  
  • Personar som bor saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte.

Drop in-vaksinasjon i oktober

Sveio kommune opnar for drop in-tilbod:

  • Torsdag 3. oktober 2024 kl 10:00–15:00
  • Torsdag 24. oktober 2024 kl 10:00–15:00

Stad: Sveio soknehus

Me minnar om at det må gå minst éi – 1 – veke mellom koronavaksine og eventuelt andre vaksinar.

Meir informasjon

Om ein ikkje kan nytta Sveio kommune sine oppsette vaksinasjonsdagar, er det mogleg å bestilla time hos Apotek 1 på Sveio senter. Apoteket har avgrensa kapasitet og har eigne oppsette dagar for koronavaksinasjon, så time må bestillast på førehand.

Har du spørsmål om vaksinasjon kan du kontakta Servicekontoret på telefon 53 74 80 00 eller på e-post postmottak@sveio.kommune.no. Servicekontoret vil vidareformidla kontakt til kommunen sin vaksinekoordinator.