Omsorgsbustad

Omsorgsbustad er ein tilrettelagd bustad.

Sveio Kommune eig 44 omsorgsbustadar derav 32 i Sveio og 12 i Førde.

  • Omsorgsbustad er tilpassa funksjonshemma og eldre brukarar med nedsatt funksjonssvikt. Bustaden er tilrettelagt slik at bebuar skal kunne motta heildøgnsomsorg
  • Omsorgsbustaden er bebuaren sin eigen heim, og heimetenester må søkjast og tildelast etter same vilkår som for andre heimebuande
  • Omsorgsbustaden skal ha gode mogelighetar for sosial deltaking og individuelt tilpassa tenestar. 

Målgruppe

  • Pleietrengande eldre og funksjonshemma

Vilkår

  • Søkjar må bu eller opphalde seg i kommunen
  • Søkjar bør ha spesielt nytte av nærleik til institusjonen, nå eller i nær fremtid.
  • Søkjar bør kunne bruke tryggleiksalarm
  • Søkjar må sjølv ønske omsorgsbustad
  • Det må være ledig omsorgsbolig i kommunen
  • Før omsorgsbustad vert innvilga, vert det prøvd ut med tenester i heimen.

Slik søker du:

Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)

Søknaden skal du sende til: 
Sveio kommune v/Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio Omsorgssenter, 5550 Sveio

Sveio kommune har også tenestar som døgnbemanna boligar innan rus og psykiatri, avlastnings-og omsorgsboligar for funksjonshemma barn og unge samt for mennesker med psykisk utviklingshemming. I tillegg kjem barneverntenesta og helsestasjon.

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 17.10.2016

Kontaktinfo

Tenestekontoret held til på Sveio omsorgssenter

Telefon: 53 74 82 20
Telefontid: 08:30-15:00

E-post: tenestekontoret@sveio.kommune.no

Besøksadresse:Løkjavegen 35, Sveio omsorgssenter
Postadresse: Løkjavegen 35, 5550 Sveio

Ekspedisjonstid: Mån.-fre. 08:30-15:00

 

Kart